Hovudside Program Konsertar Hilmedugurd og slåttar etter bestefar
Facebook Instagram

Hilmedugurd og slåttar etter bestefar

søndag 15. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
13.15 Konsert

Mat og musikk i sundagstempo?

Hilme-dugurd er årets nyvinning med musikk og mat for ein glad, men kanskje også småsliten festivalgjengar den siste sundagen i Hilmeveka. 

Tredje og siste post på dugurd-programmet er Slåttar etter bestefar med Haldor Røyne og Torgeir Bolstad. 

Haldor Røyne er frå Søndre land og har røter i Øystre Slidre, han har nyleg gjeve ut plata Slåttar etter bestefar der han spelar hardingfeleslåttar på akustisk gitar. Materialet har han etter bestefar sin som også heitte Haldor Røyne.

Med seg på konserten har han musikar Torgeir Bolstad, som også hadde spelemanns-bestefar med same namn som sitt eige. Vi gler oss!

Munkekroen serverar mat og drikke.

Et og nyt musikken!

NB! Det er ein felles inngangsbillett for alt som skjer på programmet sundag. Billett finn du her: Sundag på Hilme