Hovudside Program Konsertar Jørn Hilmes polkapris 2018
Facebook Instagram

Jørn Hilmes polkapris 2018

fredag 13. juli, Festplassen, Valdres Folkemuseum
20.00 Kappleik

Jørn Hilmes polkapris - ei tevling der dansarane kårer kveldens beste dansespelemann. Kven som er dommar? Du!

Påmelding 

I konkurransen slepp kvar påmelde solospelemann til med 3 låttar kvar. Kven som vinn? Det bestemmer ein dansande folkejury. Stemmesetlane er sjølvsagt polkagrisar – og spelemannen med flest polkagrisar i krukka vinn.

– Dansen har hatt ein sentral plass på Jørn Hilme-stemnet frå starten av. Når vi no utviklar satsinga på gammaldans vidare, er det fordi vi ynskjer å invitere runddansspelet inn i tevlinga på ein uformell og leiken måte der publikum bestemmer, seier Ellen Persvold i Jørn Hilme-stemnet.

Ta med deg dansesko og bli med i dansen!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her:Fredagkveld