Hovudside Program Konsertar Jutullaget
Facebook Instagram

Jutullaget

fredag 04. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
19.00 - 01.00 Vis i kart Konsert

Glad i gamaldans? Fredag kveld under Hilme-stemnet spelar Jutullaget opp til dans på Festplassen og vi lovar godt danselete.

Om du likar deg i dei uformelle og intime stovene på Valdres Folkemuseum eller har trang til å bryske deg på kappleikscena; Jørn Hilme-stemnet er fyrst og fremst dansarane sitt stemne. Slik blir det også i år.

Kvartetten er ny, og vart oppretta då Pål Bratås våren 2016 arbeidde med den nye plata si. Med seg på stjernelaget er eit drøs med dyktige gamaldansmusikarar: Oddvar Fingarsen (trekkspel), Ole Runar Bekkeseth (kontrabass) og Svein Ove Brun (gitar). Bratås kvartett spelte seg til finaleplass på Storefjelltreffen i konkurranse med 18 andre orkester i år. Den ferske plata, «Pål Bratås med vener» vart lansert i 2016, og fekk strålande mottaking i miljøet og i fleire aviser. På folkemusikk.no skriv Gjermund Kolltveit at plata er god for «deg som har en dårlig dag og trenger en stimulus for å holde humøret oppe».


Velkommen, dansar!

 

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre dette programpunktet, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her: https://hilme.ticketco.no/fredagkveld_paa_museet_dans_og_konsertar