Hovudside Program Konsertar Kammersmusikk med Villa & Steinsrud, Filefjell
Facebook Instagram

Kammersmusikk m/Villa & Steinsrud

søndag 30. juli, St.Tomaskyrkja, Filefjell
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
17.00 Vis i kart Konsert

Duoen Villa & Steinsrud set fyrste tone på Jørn Hilme-stemnet 2017. Bli med på ei reise til flatbygd og kammersmusikk.

Stein Villa og Marit Steinsrud inviterer deg til eit møte med kammersmusikk, ein konsert basert på plateutgjevinga deira med same namn frå 2014. «Tradisjonelt stoff på vårt vis og eigen musikk på tradisjonelt vis», har dei sjølve karakterisert musikken sin. Duoen Villa/Steinsrud er ektefolk, og dei har spelt saman i årevis – og saman trakterer dei både langeleik og harpe, gitar, pianotrekkspel, mandolin, fele og song. Sjå fram til ei harmonisk og varsam musikalsk vitjing oppunder Støgonøset.

Det vil bli guida vandring på den nydelege Kongevegen med felles måltid før konserten for dei som ynsker det. Sjå eiga programpost.

Kyrkjekonserten i St. Tomaskyrkja på Filefjell er ei årleg hending og ei fin opning på Jørn Hilme-stemnet. Velkommen og god konsert!

Foto: Lasse Stang