Hovudside Program Konsertar Kan du komme ned og hente meg?
Facebook Instagram

Kan du komme ned og hente meg igjen?

fredag 12. juli, Festsalen, Valdres Folkemuseum
15.00 Konsert

Kan du komme ned og hente meg igjen? Danseframsyning med Kartellet / Festsalen, Valdres Folkemuseum

Ei danseframsyning om det å sjå livet passere revy. Kva hugsar vi av godt og vondt? Korleis møter vi sanninga om at alt har ein ende; musikken, dansen, alt som er bygt opp vil gå sund.

Kartellet er eit danseensemble som utforskar spenningsfeltet i det maskuline og intime. 

Denne forestillinga hadde premiere i 2014 og vart spelt ei rekkje gonger. I år kjem dei med nypremiere med nylaga musikk av Benjamin Mørk. Publikum får sitte midt mellom to dansarar og oppleva ei danseforestilling som er nær, både i avstand og i tema. Dei to dansarane har eit nostalgisk men røft utrykk. Dei balanserar på eggen av leik og alvor. Voldsom leik.

Koreograf: Sigurd Johan Heide/Kartellet

Dans:  Inge Martin Helgesen og Sigurd Johan Heide

Musikar: Benjamin Mørk mekanisk piano

Produsent: Riksscenen v/ Nina Fjeldet

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.