Hovudside Program Konsertar Kim Rysstad med band
Facebook Instagram

Solefallskonsert med Kim Rysstad med band

tirsdag 07. juli, Jaslangen i Vestre Slidre
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
20.30 Konsert

Velkomen til ein framifrå kveld på Jaslangen i Vestre Slidre!

Scena ligg blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i dalføret vårt. Sommaren 2020 er det Kim Rysstad med band som skal tonesette sommarkvelden på Jaslangen!

Kim Rysstad vart kjent for det norske folk då han i haust deltok i NRK-programmet  Stjernekamp. Folkemusikaren frå Setesdal imponerte dommarar og publikum då han gjennom ulike sjangrar song seg inn i både hjarte og finalen.

Den musikalske karrieren til Kim Rysstad er mangslungen og variert, og samarbeidet med London Philharmonic Orchestra om juleplata Snøen laver ned i 2018 er eit strålande døme på det. Han har også samarbeidd med Silje Nergaard, Aasmund Nordstoga og Ingebjørg Bratland, og har lært av søylene blant folkesongarar som Kirsten Bråten Berg og Agnes Buen Garnås.

Rysstad blandar gjerne folkemusikk med bluegrass, pop, country og klassisk. Han har vore med i Melodi Grand Prix og er tidlegare kåra til Male Folk Singer of the Year på Folk Off Awards i Liverpool. No kjem han til Jaslangen. 

Musikarar:

Kim Rysstad – vokal

Annar By – gitar, el. gitar
Ronny Kjøsen – trøorgel, trekkspel, piano
Nils Økland – fele , hardingfele
Birger Mistereggen  – perkusjon
Andreas Amundsen – bass
Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen tek ca 50 minutt. Vi oppmodar elles alle til samkøyring. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og regnjakke. God tur til fjells! Ta buss til Jaslangen? Bussbillettar kjøper du også her!

 

Buss:

Ruta frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vasetsenteret (19.15). 

Ruta frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang.19.00). - Brekkudn - Vaset senter - Nøsen - Jaslangen.

Foto: Anne-Marte Før, Lukkeleik