Hovudside Program Konsertar Kirsten Bråten Berg
Facebook Instagram

Kirsten Bråten Berg

lørdag 14. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
20.00 Konsert

Velkomen til konsert med ein av landets fremste folkesongarar! 

Kirsten Bråten Berg, folkemusikaren og sylvsmeden som er busatt i Setesdal, er ein av dei mest profilerte folkesongarane vi har i dag. Ho har samarbeida med ei rekk andre profilerte musikarar, både innanfor folkemusikk og andre sjangrar. Mellom anna er ho kjend for sit mangeårige prosjekt med bassisten Arild Andersen. Til Hilme kjem ho åleine.

Eit av kjennemerka til Jørn Hilme-stemnet er intimkonsertane i dei lune og gamle bygningane på Valdres Folkemuseum. Under konserten med Bråten Berg kjem du tett på både utøvaren og musikken, noko som er både sjeldan og unikt i den norske konsertfloraen i dag.

Gled dykk!

Foto: Geir Dokken

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her: Laurdagkveld