Hovudside Program Konsertar KVARTS OG JONAS FJELD
Facebook Instagram

Solefallskonsert med Kvarts og Jonas Fjeld

tirsdag 09. juli, Jaslangen i Vestre Slidre
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
20.30 Konsert

Velkomen til ein framifrå kveld på Jaslangen i Vestre Slidre!

Scena ligg blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i dalføret vårt. Sommaren 2019 er det Kvarts og Jonas Fjeld som skal tonesette sommarkvelden på Jaslangen!

Den folkekjære rockepoeten Jonas Fjeld har sunge og skrive låtar som sitt dønn fast i den norske folkesjela. Parallelt med store store hitar som «Engler i sneen» og «Hun kom», har Fjeld snusa på tradisjonsmusikk i ulike tapningar. Legendarisk er samarbeidet med Rick Danko og Eric Anderson, og han har også hatt eit mangeårig samarbeid med det amerikanske bluegrassbandet Chatham County Line.

Folkemusikkgruppa Kvarts og Jonas Fjeld har hatt samarbeid dei siste åra og konserten er ein plass der brune kneiper, «Engler i sneen» og beinmargskjensle for amerikanske blåtonar møter finnskogspols, feledrag og seljefløyta sin naturtoneskala.

Musikarar:

Jonas Fjeld – vokal og gitar

Ben Basgaard – gitarar

Jo Asgeir Lie – trekkspel

Øystein Rudi – fele

Tom Willy Rustad – bass, munnharpe, seljefløyte

Erlend Styve – gitarar

Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen tek ca 50 minutt. Vi oppmodar elles alle til samkøyring. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og regnjakke. God tur til fjells! Ta buss til Jaslangen? Bussbillettar kjøper du også her!

Buss:

Ruta frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vasetsenteret (19.15). 

Ruta frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang.19.00). - Brekkudn - Vaset senter - Nøsen - Jaslangen.

Foto: Anne-Marte Før, Lukkeleik