Hovudside Program Konsertar Kyrkjekonsert: Eivind Groven med følgje
Facebook Instagram

Kyrkjekonsert: Eivind Groven med følgje

onsdag 02. august, Aurdal kirke, Aurdal
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
20.00 Konsert

Kor og hardingfele, opera og langeleik

Jørn Hilme-stemmet inviterer til eit musikalsk møte mellom folkemusikk og klassisk i Aurdal kirke. Her vil du få servert ei rekkje godbitar med Øystre Slidre songlag, operasongar Svein Erik Sagbråten og eit nytt kammerkor. Klavertalentet Stian Alxander Olsen møter folkemusikarane Bjørn Kåre Odde, Ingvild Lie og langeleikmestrane Ole og Knut Aastad Bråten.

Eivind Groven sine verk går som ein raud tråd gjennom konserten, og me vil få høyre låttar komponert av Groven og arrangerte verk. Eitt av desse er Margit Hjukse.

Svein Erik Sagbråten er frå Aurdal og har arbeidd som profesjonell songar i over 25 år. Han var fast tilsett songsolist ved Den norske Opera 1994-2015, og har også vore engasjert av dei fleste andre operakompania i landet. Han er også ein mykje brukt tenorsolist ved framføring av oratorium og andre kyrkjemusikalske verk. Sidan 2013 har han vore dirigent for Øystre Slidre sanglag.

Stian Alexander Olsen er ung og lovande pianist, oppvaksen i Nord-Aurdal. Olsen studerer for tida på masterstudiet ved Norges Musikkhøgskole, under rettleiing av professor Jens-Harald Bratlie. Stian Alexander Olsen er òg ettertrakta som akkompagnatør og kammermusikar

Bjørn Kåre Odde er folkemusikar frå Garmo og Gudbrandsdalen. Han har utdanninga si frå Noregs Musikkhøgskule, og har sidan uteksaminasjonen i 2013 livnært seg som ein svært allsidig musikar. Han har hatt rolla som spelemannen i musikalen Spelemann på taket på Det Norske Teateret. Han har vore solist med blant andre Det Norske Solistkor, grammy-nominerte Uranienborg Vokalensemble, og ikkje minst Kringkastingsorkesteret.

Knut og Ole Aastad Bråten er folkemusikarar på langeleik, og har kvar for seg fleire sigrar frå Landskappleiken. I 2015 gav dei ut si fyrste soloplate «Til Ragna». Ingvild Lie er ein av dei fremste folkesongarane i Valdres i dag. Ho er med i gruppa Blått gådn, og driv elles opplæring og rekrutteringsarbeid i spelemannslaget.

Velkomne til Aurdal kirke!