Hovudside Program Konsertar Kyrkjekonsert: Guten. Aasmund Nordstoga m.fleir
Facebook Instagram

Kyrkjekonsert: Guten. Aasmund Nordstoga m.fleir

onsdag 11. juli, Aurdal kirke, Aurdal
19.00 Konsert

 

Aasmund Nordstoga hyllar Vinje!

I år er det 200 år sidan tvisynets meister Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Jørn Hilme-stemnet heidrar Vinje med konsert med Aasmund Nordstoga. 

At Vinje var sterkt knytt til Valdres er det ingen tvil om. Han namnsette Jotunheimen og hevda at sjela hans skulle til Valdres når han døydde. ”So vil eg sitja der paa Falketind og sjaa utyver Norig, og Fjellradirne skal stiga fram.  

Aasmund O. Vinje var frå Telemark, og det er også namnebror Aasmund Nordstoga. Til sommaren kjem Nordstoga med bandet sitt og konserten «Guten» til Aurdal kirke. Tekstane presenterer Vinje både som lyrikar, samfunnsdebattant og humorist med tonar og arrangement av Odd Nordstoga og Edvard Grieg.

Aasmund Nordstoga har dei siste åra gjort seg kjend som ein av landets fremste formidlarar av viser og tradisjonsmusikk i ei folkemusikalsk tonedrakt. Han har gitt ut fire cd-ar, vore nominert til Spellemannspris og har gjennomført uttallige konsertar rundt om i heile landet. Aasmund driv også heimgarden Plassen i Vinje som mjølkebonde i kombinasjon med artistverksemda. 

Velkomne til Aurdal kirke!