Hovudside Program Konsertar Laurdagskveld på museet: Dans og konsertar
Facebook Instagram

Laurdagskveld på museet: Dans og konsertar

lørdag 05. august, Valdres Folkemuseum
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
18.00 - 02.00 Vis i kart Konsert

Skal vi danse? Høyre på konsertar? Kikke på folkelivet?

Gamaldans og bygdedans på 1000 golv har vore slagordet til Hilme-stemnet i mange år, og seier noko om dansen sin plass på stemnet. Sumarkveldane på Valdres Folkemuseum med dansespel som strøymer ut frå dei gamle stovene, er med på å gje festivalen eit unikt særpreg i den norske festivalfloraen. Om du likar deg i dei uformelle og intime stovene på Valdres Folkemuseum eller har trang til å bryske deg på kappleikscena; Jørn Hilme-stemnet er fyrst og fremst dansarane sitt stemne. Slik blir det også i år.

Smekre tonar frå Leif Rygg, gamaldans etter Bratås kvartett, vilt med Valkyrien eller nykomponert folkemusikk på klubbkonserten Reolô natterstid. Bli med da! 

OBS! Billett til laurdagskveld på museet gjev også inngang på konserten med Valkyrien. Billett kjøpar du her!