Hovudside Program Konsertar Makk, søkkji og dronespel (1)
Facebook Instagram

Makk, søkkji og dronespel

lørdag 13. juli, Galleri Bortåt glaset, Fagernes
14.00 Konsert

Makk, søkkji og dronespel. Lyrikk og musikk ved Anders Brenno og Kenneth Lien 

Makk og søkkji av Anders Brenno, er ei vital og eksperimentell diktsamling med språkleg og innhaldsmessig utspring i Valdres. Dikta kretsar rundt plassen og tidas gang og menneska si forfengelegheit. Diktsamlinga er jordbunden og lokal sjølv om den unge diktaren leitar blant dei døde etter kjærleik, tilhøyrigheit og ein veg mot sjølvstende. Somme tider er blikket vendt mot himmelen. Her er det ikkje berre kyrkjegarden og heimbygda som trer fram, men og kyrkja, bøna og Gud.

Anders Brenno er frå Bagn i Valdres. Han er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo. I 2013 deltok han på Høstutstillingen med videoen Vampire Yeah, og diktsamlinga med same namn var den litterære debuten hans i 2015. Makk og søkkji er den andre diktsamlinga hans.

Kenneth Lien er  kunstnar og musikar med bein i flere stilartar og sjangrar. Han driv med figurativ maling og eksperimentell abstrakt kunst i diverse medium. Kenneth spelar ei rekkje instrument og opererar innanfor både tradisjonsmusikk og eksperimentell musikk.  

Utstilllinga Huset, av Anne Marte Før og Alice Gudheim rammar inn arrangementet. Huset er ei vakker bok frå Refusert forlag. Huset tek oss med inn i eit hus som tilsynelatande har stått tomt sidan bebuaren forlet det (og livet) for nokre tiår sidan. Med poetiske setningar som kan minne om Ruth Lillegraven sine seinare diktsamlingar, og fotografi med ein distinkt gulna fargepalett, reflekterar forfattaren over liv som var og kva ein heim seier om ein som har gått bort.

Tekst: Alice Gudheim Foto: Anne Marte Før.

Arrangementet er gratis og eit samarbeid mellom Jørn Hilme-stemnet og Galleri Bortåt glaset.