Hovudside Program Konsertar Orden og uro i hallingdansen
Facebook Instagram

Orden og uro i hallingdansen

torsdag 11. juli, Festsalen, Valdres Folkemusem
12.00 - 14.00 Konsert

Seminar: Orden og uro i hallingdansen

Kva stilisering ligg til grunn for hallingdansen etter Gullik Kirkevoll og har tradisjonen meir å

by på? Innleiing, filmframsyning og drøfting av stilideal ved Ingar Ranheim, Sigurd Heide og Stian Roland.

Ingar Ranheim er ein nasjonal kapasitet innanfor danse- og tradisjonsformidlinga, og blir av mange halde fram som stordansar både i springar og halling. 

Sigurd Heide er dansar og koreograf og arbeider mykje med folkedans som scenespråk. Han har vært tilsatt ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans og starta i 2013 dansekompaniet Kartellet.

Stian Roland er ein dansar med eit stort spekter av stilartar og tradisjonar. Han har vore ein viktig skikkelse for å bygge opp både halling og pardansmiljø i Valdres, og har vunne landskappleiken i dans hardingfele klasse A fleire gonger. Stian er instituttleiar ved Universitetet i Sørøst-Norge avd Rauland. 

Arrangementet er gratis.