Hovudside Program Konsertar På Pynte
Facebook Instagram

På Pynté

torsdag 11. juli, Nord Aurdal Kulturhus, Fagernes
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
19.00 Konsert

På Pynté, - festframsyning og utdeling av Torleiv Bolstads minnestipend

Årets festframsyning heidrar langeleiken og løftar fram att tradisjonen med dansedokker. Denne tradisjonen står i nært slektskap med figurteater verda over. Dokkene har vore religiøse og rituelle symbol i tillegg til å gje rytmar og liv til musikken.

Kven held i trådane? Kven er vi i møte med krefter vi ikkje rår over?

Gjennom vekslande tonar, rytmar, bilete og tekst tek dei oss med gjennom tider og tankar. Kanskje skimtar vi Berit; ho som eigde musikken, dansa med dokkene og baud på seg sjølv der på Pynté.

Medverkande: Gunvor og Oddrun Hegge  og Ole og Knut Aastad Bråten og er blant dei fremste langeleikspelarane i landet. Anita Vika Langødegård er moderne dansar med røtene i tradisjonsdansen, medan Håkon Aasen er ein kraftfull springar- og hallingdansar. Ånon Sørnes Bakken er gjestespelemann. Bent Åserud er rådgjevande produsent og Ellen Persvold har regi.  

Framsyninga er produsert av Jørn Hilme-stemnet og Riksscenen. Framsyninga er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans og Norsk kulturråd.

Det blir også utdeling av Torleiv Bolstads minnestipend.

VELKOMNE!