Hovudside Program Konsertar Pål Bratås kvartett
Facebook Instagram

Pål Bratås kvartett

lørdag 05. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
20.00 - 01.00 Vis i kart Konsert

Glad i gamaldans? Laurdag kveld under Hilme-stemnet spelar Pål Bratås Kvartett opp til dans på Festplassen og vi lovar godt danselete.

Om du likar deg i dei uformelle og intime stovene på Valdres Folkemuseum eller har trang til å bryske deg på kappleikscena; Jørn Hilme-stemnet er fyrst og fremst dansarane sitt stemne. Slik blir det også i år. Oddvar Fingarsen, Ole Runar Bekkeseth, Svein Ove Brun og Pål Bratås held koken heile kvelden.

Velkommen, dansar!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre og danse til Pål Bratås kvartett, men du lyt løyse ut billett til laurdagsskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området. Billett her!