Hovudside Program Konsertar Raabygg
Facebook Instagram

Raabygg

fredag 04. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
20.00 Konsert

Raabygg: Hits og bortgløymde låtar

Raabygg er folkemusikarane Johanne Flottorp, Tuva Færden og Sigrid Kjetilsdotter Jore. Med hardingfele, song og harpeleik tek dei fatt i gamle og bortgøymde melodiar frå Agder og arrangerer desse på nye måtar. Hausten 2016 platedebuterte dei med albumet «Ein etter far», og som vinnarar av Open klasse på Landskappleiken same år fekk dei avslutta lanseringsturneen sin i sjølvaste Operaen under Meisterkonserten der. 

Velkomen!

 

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her: https://hilme.ticketco.no/fredagkveld_paa_museet_dans_og_konsertar