Hovudside Program Konsertar Røine & Granlien: Kjære venen min!
Facebook Instagram

Røine & Granlien: Kjære venen min!

fredag 04. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
23.59 Konsert

Kjære venen min!

Eit av kjennemerka til Jørn Hilme- stemnet er alle intimkonsertane der publikum kjem tett på musikken og musikarane. Ein av konsertane er kan hende av det romantiske slaget, og inviterer publikum inn i den musikalske heimen til musikarane og ektefolket Camilla Granlien og Niels Røine. 

Camilla Granlien (f.1974) er utdanna folkesongar og har fordjupa seg i songtradisjonen frå Gudbrandsdalen. Ho jobbar i dag frilans som musikar i ulike prosjekter, band og for ulike aldrar, alt frå ungane i barnehagen til dei eldste på gamleheimane. Camilla har vunne vokal klasse A på Landskappleiken tre gonger, og ho har fått Kongepokal for songen sin. Ho har gjeve ut og bidrege på fleire plater, til dømes Jarnnetter (2007), Aftenstemning (2011), Songs by Geirr Tveitt (2012), saman med Slagr og Kjære vennen min (2015). Våren 2017 kom ho med ny plate og bok, Dyr og rare kjerringer. Konserten på Hilme-stemnet blir ein miks med mange songar frå plata Kjære vennen min, framført i lag med ektemannen, felespelaren og bogemakaren Niels J. Røine (f. 1969).

Velkomen!

Foto: Cecilie Owren

 

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her: https://hilme.ticketco.no/fredagkveld_paa_museet_dans_og_konsertar