Hovudside Program Konsertar Småfolk 1: Eventyrøya
Facebook Instagram

Småfolk 1: Eventyrøya

onsdag 11. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
14.00 Vis i kart Konsert

EVENTYRØYA - ei forstilling for born

Det er i møte med andre du blir eit menneske. Det er gjennom å relatere seg til dei at du blir den du er. Du kan ikkje vite kven du er viss du ikkje har andre å spegle deg i, og som kan fortelje deg kven du er.

Etter ein krangel med mora, havner ei lita jente på det ho trur er ei aude øy. Men det tek ikkje lang tid før ho oppdager at det bur mange snodige dyr på øya. Gjennom møta med desse dyra blir jenta betre kjent med seg sjølv og me blir betre kjente med ho. Den aude øya er ikkje lenger ei aude øy, men ei øy full av dyr som jenta blir glad i, irritert på, oppgitt over, og får lyst til å hjelpe. Gjennom desse møta finn jenta «heim til seg sjølv» og ho kjem tilbake til familien sin - litt klokare.

Forestillinga Eventyrøya gjev deg eit møte med nyskriven musikk laga av Sigrid Stubsveen og Johanne Flottorp. Dei har komponert melodiar med utgangspunkt i tradisjonell folkemusikk, men er òg inspirert av andre sjangrar. Dei toutøvarane syng og spelar vanleg fele, hardingfele og mandolin, i tillegg til å vere både jenta og alle dyra på scena.

Forestillinga er laga i samarbeid Riksscenen for folkemusikk og folkedans, til konsertserien LilleRiksen. Eldgrim Springgard har skrive manuset.

Varigheit ca. 35 min. Passar for born frå 5 år og oppover.

Foto: Thomas Fredriksen

Konserten er gratis for alle som har løyst billett på Valdres Folkemuseum, eller er med på Mikro- og Ministrunken.