Hovudside Program Konsertar Småfolk 2: Avslutningskonsert for Ministrunken
Facebook Instagram

Småfolk 2: Avslutningskonsert for Ministrunken

torsdag 11. juli, Festplassen, Valdres Folkemuseum
14.00 Konsert

Konsert - også for dei minste!

Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet er stolte over å presentere dei yngste konsertutøvarane denne sommaren. Elevane på Ministrunken er mellom 6 og 11 år, og syner fram kva dei har lært på kurset. Mykje leik og moro for store og små.

Lærarane deira er mellom andre Johanne Mjøs, Helga Myhr, Anders Lunden Herfoss, Ingebjørg Hegge Bratrud, Jon Brodal, Sina Myhr, Anders Aasberg og Jon Bugge.

Velkomen!

Konserten er gratis for alle som har løyst billett til Valdres Folkemuseum.