Hovudside Program Konsertar Småfolk 3: Jakten på Amerika
Facebook Instagram

Småfolk 3: Jakten på Amerika

fredag 12. juli, Flatigarden, Valdres Folkemuseum
18.30 Konsert

Jakten på Amerika. Familiekonsert med Laura Ellestad og Magnus Wiik / Flatigarden Valdres Folkemuseum

Småfolk 3: Familiekonsert om det å søke lykka i eit nytt land

For to hundre år sidan drog mange frå fattigdommen i Norge til Amerika for å finne lykka. Mange brukte opp alle sparepengane på båt-billetten og kom fram etter fleire veker på havet til eit nytt land med framand språk og nye skikkar.

I Jakten på Amerika får vi følgje to norske spelemenn som legg i veg med fela si for å møte eventyret. Ein av desse vart som ei rockestjerne og reiste på turné i 20 år utan å ha ein stad å bu.

Laura Ellestad og Magnus Wiik viser veg til Amerika, sleng deg på!

Laura Ellestad er hardingfelespelar frå Valdres og Canada. Ho har utdanning frå Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskole og har fordjupa seg i utvandrarmusikken.

Magnus Wiik er ein allsidig musikar som spelar strengeinstrument innafor fleire sjangrar. I Jakten på Amerika spelar han gitar.

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.