Hovudside Program Konsertar Småfolk 7: Silje åleine
Facebook Instagram

Småfolk 7: Silje åleine

lørdag 14. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
17.00 Vis i kart Konsert

Silje Åleine - ei forestilling for born

Silje leikar åleine. Ho likar å vere åleine, men ho likar det ikkje sååå godt heller. Og ein dag

får ho besøk av sjølvaste Merete Morskogen. - Den beste venninna du kan ha.

Silje Onstad Hålien er dansar, skodespelar og koreograf. Ho er oppteken av å bruke det folkelige materialet innen musikk og dans i eit samtidig uttrykk. 

Silje Åleine er ei forteljing om barndom som mange vil kunne kjenne seg igjen i. Den handlar om «Silje» som barn, som er mykje åleine. Ho er skulejente, men om ettermiddagane leiker ho åleine blant leikestativ i ein barnehage som er stengt.

Sjølv om «Silje» har det fint i si eiga lille verd, der ho har sine magiske leiker og små ritual kjenner ho seg etter kvart meir og meir einsam, og ynskjer veldig at nokon andre barn vil kome. Og ein dag kjem «Merete Morskogen ». Merete, som ingen andre kjenner til, og som berre Silje har møtt. Dei leiker i lag, men snart går leiken over i konkurranse, og den blir hardare og hardare.

Silje Åleine er ei soloforestilling om einsemd, vennskap og fantasiens makt og om å bli venner med seg sjølv. Ei forestilling der musikk, dans, sang, forteljing og skodespel har like stor plass. Ei leiken forestilling om eit alvorleg tema, full av fart, humor, varme og poesi og nokon triste augeblikk.

Målgruppa er fyrst og fremst barn frå 4 til 10 år, men forestillinga passar for alle.

Forestillingen er skapt i samarbeid med dramatiker Jesper Halle.                                Musikalsk ansvarlig er Selma Bolstad.                                                                        Lysdesign av Sture Moslåtten.

Velkomne!

Foto: Ingvil Skeie Ljones