Hovudside Program Konsertar Småfolk presenterer: Veslefrikk
Facebook Instagram

Småfolk presenterer: Veslefrikk

fredag 04. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
19.00 Vis i kart Konsert

Har du høyrt om Veslefrikk? Veslefrikk er guten som korkje var stor eller populær, men som likevel vart ein helt, berre ved å vere snill med andre. Og med litt hjelp frå ei magisk fele.

Sandvær/Brodal består av forteljaren Anette Sandvær (f. 1979) og musikar og komponist Jon Hjellum Brodal (f. 1986). Duoen kombinerer forteljarkunst med musikk og særleg lydbilde frå hardingfela, og har som mål å la instrumentet og stemma få like stor plass når historiene blir fortalte. Anette Sandvær har studert drama og fortelling ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og har dei siste åra jobba som frilansforteller. Jon er blant dei fremste unge folkemusikkutøvarane i dag. Ved sidan av å vere soloutøver er Jon aktiv i ulike ensemble, til dømes Vrang, og han spelar jamleg på folkemusikkfestivalane i Noreg og Norden.

Framsyninga er basert på folkeeventyret etter Asbjørnsen og Moe, og vart opprinneleg produsert i samarbeid med Riksscenen.

Regi: Dominic Kelly. Varigheit ca. 35 min. Passar for born frå 5 år og oppover.

Foto: Ingvild Skeie Ljones

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre dette programpunktet, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her: https://hilme.ticketco.no/fredagkveld_paa_museet_dans_og_konsertar