Hovudside Program Konsertar Spaserstokken, Ulnes omsorgsboliger: Annar
Facebook Instagram

Annar

onsdag 10. juli, Ulnes Omsorgsboliger
14.30 Konsert

Gjennom den kulturelle spaserstokken presenterer Jørn Hilme-stemnet konsert på Ulnes Omsorgsboliger med Annar By. 

Annar By er frå Elverum og har ein fantastisk og særeigen vokal i tillegg til å vera ein gitarvirtuos på både komp og slåttespel. Han har jobba med folkemusikk frå heile norgesfjøla på gitar, og serverer tradisjonelle viser og stubbar, samt nye melodiar til dikt av ymse forfattarar. Annar er ein produktiv musikar med engasjement i grupper som Mollstemte skoger og Stampestuen. Denne gongen kan publikum glede seg til å høyre han heilt solo. 

Stampestuen får de høyra på Jørn Hilme-stemnet laurdag 13. juli kl. 21.00 i Festsalen, Valdres Folkemuseum. Annar spelar og konsert sundag 14. juli i Festsalen på Valdres Folkemuseum. 

Konserten er gratis og open for alle! 

Velkomen!