Hovudside Program Konsertar Spaserstokken: Steinsrud & Villa på Vestre Slidre sjukeheim
Facebook Instagram

Spaserstokken: Steinsrud & Villa på Vestre Slidre sjukeheim

torsdag 03. august, Slidre, Vestre Slidre
14.00 Konsert

Stemning på kammerset!

Gjennom den kulturelle spaserstokken presenterer Jørn Hilme-stemnet konsert med Marit Steinsrud og Stein Villa på Vestre Slidre sjukeheim. Duoen Steinsrud & Villa er kjente formidlarar av tradisjonsmusikk, og saman gjev dei oss eit varmt og lunt innblikk i den mangfaldige folkemusikken. Duoen Villa/Steinsrud er ektefolk, og dei har spelt saman i årevis – og saman trakterer dei både langeleik og harpe, gitar, pianotrekkspel, mandolin, fele og song. 

Konserten er gratis og open for alle! 

Velkomen!

Foto: Lasse Stang