Hovudside Program Konsertar Spel blant spon nr. 1
Facebook Instagram

Spel blant spon nr. 1

onsdag 02. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
13.00 Konsert

Spel blant spon: instrumentmakerikonsert nr.1

Saman med Valdresmusea ber vi inn til to konsertar på instrumentmakarverkstaden. Kva kan vel vere betre omgjevander for ei musikalsk oppleving? Fyrst ut er museumsdirektøren sjølv, Ole Aastad Bråten, og formidlar Mari Ormberg som tek seg eit avbrekk i arbeidet for å spele for oss. Aastad Bråten er ein meister på langeleik og Ormberg frå Jostedalen gjev oss tonar frå hardingfela. 

Dette blir tett på - gled deg!

Konserten er gratis for alle som har løyst billett til Valdres Folkemuseum.