Hovudside Program Konsertar Spel blant spon nr. 2
Facebook Instagram

Spel blant spon nr. 2

torsdag 03. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
12.00 Konsert

Spel blant spon: instrumentmakerikonsert nr.2!

Saman med Valdresmusea ber vi inn til to konsertar på instrumentmakarverkstaden. Kva kan vel vere betre omgjevander for ei musikalsk oppleving?

Den andre konserten på verkstaden får vi høyre spel frå to knutar: Knut Opheimsbakken og Knut Myrann.

Felemakar og spelemann Opheimsbakken stiller på heimebane, medan Myrann kjem vegen frå Numedal. Begge spelar dei hardingfele og båe hadde dei eit nært forhald til instrumentmakarlegenda Olav Viken. -Han var ein høgt verdsett felemakar. Ein av dei aller beste!, seier Knut Myrann.

Opheimsbakken arbeider til dagleg i felemakarverkstaden og Myrann stiller med den siste CD-en sin; Fra Numedal til Tinn. Ei flott utgjeving av ein staseleg 85-åring!

Båe vil dei heidra Olav Viken som takk for opplevingar, fagmann og god ven.

Velkommen!