Hovudside Program Konsertar Stampestuen
Facebook Instagram

Brev frå Amerika. Stampestuen

lørdag 13. juli, Festsalen, Valdres Folkemusem
21.00 Konsert

Frå fyrste gong dei spelte saman forsto dei fire medlemmene i Stampestuen at dei hadde eit unikt utrykk. Dei var alle godt etablerte musikarar på den norske jazz -og folkemusikkscena før deira felles interesse for gamal visemusikk fekk dei saman.

Dei jobbar fram gamle viser frå inn– og utland, og vil trekkje dei inn i vår eiga tid. Stampestuen ynskjer å vera historieforteljarar og gje lyttaren innblikk i dei mange skjebnane som skjuler bak desse tekstane.

Debutplata deira, Brev frå Amerika, inneheld emigrantviser og anna musikk knytt til den norske utvandringa til Amerika.

Beate Børli Løkken – vokal/dulcimer/autoharpe

Annar By – vokal/gitar

Anders Lillebo – trøorgel/trekkspill/fløyter

Jon Brodal – fele/hardingfele

Foto: Invil Skeie Ljones

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.