Hovudside Program Konsertar Stjernekamp! Opningskonsert med Strunke-lærarane
Facebook Instagram

Stjernekamp! Opningskonsert med Strunke-lærarane

søndag 08. juli, Merket, Tisleidalen
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
19.30 Konsert

«Stjernekamp» er tema og tittel for lærarkonserten på Strunkeveko, og det er med andre ord duka for ein stjernespekka kveld!

Lærarane på Strunkeveko er mellom dei fremste folkemusikarane og -dansarane ein kan oppdrive, og saman bidreg dei til auka rekruttering og samhald i folkemusikkmiljøet. Tradisjonen tru startar dei veka med å halde konsert for elevane, foreldre og alle andre som vil høyre.

Medverkande på konserten er Johanne Flottorp, Kjellbjørn Karsrud, Anne Hytta, Gunnlaug Lien Myhr, Lajla Renate Buer Storli, Selma French Bolstad, John Ole Morken, Einar Olav Larsen, Simon Hesselberg Løvald, Martin Myhr, Stian Roland, Ulf Arne Johannessen, Mads Erik Odde, Knut Aastad Bråten, Vegar Vårdal, Silje Onstad Hålien og Andreas Skeie Ljones. 

Velkomne til konsert!