Hovudside Program Konsertar Sumarkveld på museet
Facebook Instagram

Sumarkveld på Valdres Folkemuseum

lørdag 13. juli, Valdres Folkemuseum
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
19.00 - 02.00 Konsert

Sumarkveld med konsertar, kappleik, bjellesparking, lokale akrobatar, dans og folkefest på Valdres Folkemuseum.

Skal vi danse? Høyre på konsertar? Kikke på folkelivet?

Gamaldans med Syvers Orkester, Gjevriskaradn og bygdedans på 1000 golv har vore slagordet til Hilme-stemnet i mange år, og seier noko om dansen sin plass på stemnet. Sumarkveldane på Valdres Folkemuseum med dansespel som strøymer ut frå dei gamle stovene, er med på å gje festivalen eit unikt særpreg i den norske festivalfloraen. Om du likar deg i dei uformelle og intime stovene på Valdres Folkemuseum eller har trang til å bryske deg på kappleikscena; Jørn Hilme-stemnet er fyrst og fremst dansarane sitt stemne. Slik blir det også i år.

I tillegg er det eit variert konsertprogram og eit yrande folkeliv - velkomen!

Born under 12 år går gratis, men ting billett slik at vi har oversikt over antall publikummarar. Ungdom mellom 12-18 år går for halv pris.