Hovudside Program Konsertar Tron Steffen Westberg
Facebook Instagram

Tron Steffen Westberg

torsdag 03. august, Valdres folkemuseum, Fagernes
21.00 Konsert

Velkomen til konsert med ein av landets råaste spelemenn!

Tron Steffen Westberg er lærar og ein av landets fremste solospelemenn. Han er vinnar av kongepokal på Landskappleiken og ein sentral tradisjonutøvar frå Røros.

Eit av kjennemerka til Jørn Hilme-stemnet er intimkonsertane i dei lune og gamle bygningane på Valdres Folkemuseum. Under konserten med Westberg kjem du tett på både utøvaren og musikken, noko som er både sjeldan og unikt i den norske konsertfloraen i dag.

Tid og stad: Skysstasjonen Nystøga på Valdres Folkemuseum, 3. august kl. 21. 

Høyre Tron Steffen Westberg spele? Høyr her!