Hovudside Program Konsertar Ugagn med Kirsten Bråten Berg
Facebook Instagram

Ugagn med Kirsten Bråten Berg

fredag 13. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
21.00 Konsert

Med litt jazz og ei teskei flamenco!

Trioen Ugagn tek med seg Kirsten Bråten Berg til Hilme. Tilsaman presenterar dei arrangement basert på tradisjonsstoff frå Setesdal. Det er berre å sjå fram til folkemusikk miksa med uttrykk frå jazz og med eit hint av flamenco. Ugagn består av Sigrid Bråten Berg på vokal, Erik Sollid på fele og Bård Bjørke på gitar. 

Klare for ugagn? Velkomne!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her:Fredagkveld