Hovudside Program Konsertar Ung på Hilme
Facebook Instagram

Ung på Hilme

fredag 13. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
19.00 Konsert

Ung på Hilme - ei forestilling av og med ungdom.

Med kyndig rettleiing frå Silje Onstad Hålien skal ei gruppe ungdommar frå Strunkeveko produsere og framføre ei forestilling med dans og musikk. Her får ungdommane jobbe gjennom heile veka og lære seg kva som fungerar for publikum, korleis bygge opp ei forestilling og mykje anna. Prosjektet har eit mål om å bygge produsentkompetanse på sikt. 

Vi gler oss til å sjå kva dei dyktige ungdommane får til!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her: Fredagkveld