Hovudside Program Konsertar Utekappleik med lagdans og finalespel
Facebook Instagram

Utekappleik med lagdans og finalespel

lørdag 13. juli, Amfiet, Valdres folkemuseum
19.00 Kappleik

Utekappleiken på laurdagskvelden med lagdans og finale. 

Også i år blir det finale mellom dei tre deltakarane frå dagens tevlingar med best poengsum. Med stødige og munnrappe programleiarar bind vi kappleiken saman med andre underhaldande innslag for store og små. 

Ein triveleg og familievenleg start på sumarkvelden! 

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre dette arrangementspunket, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.