Hovudside Program Konsertar Vandring på pilegrimsveg - Hedalen
Facebook Instagram

Vandring på Pilegrimsvegen, Hedalen

mandag 09. juli, Hedalen stavkyrkje, Hedalen
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
14.00 Konsert

Bur det ein pilegrim i deg? Årlege vandringar på pilgrimsvegen gjennom Valdres er populært, og nå kan du bli med pilegrimsprest i Valdres, Anne Hilde Øigarden, på vandring på eit utdrag av pilegrimsvegen frå Urdevassætra til Hedalen stavkirke.

Turen er på omlag 7 km i lett  og variert terreng i flott Hedalsnatur. Her vil ein kunne kjenne på kvalitetane som ei pilegrimsvandring kan gje og skjerpe sansane til konserten "Når marke æ grøn og blomster'n blå" med Marit Karlberg og Frank Rolland klokka 19.00 i Hedalen stavkirke. Les meir om konserten i eige programpunkt.

Pilegrimsprest Anne Hilde Øigarden er turleiar og sokneprest Signe Elisabeth Kvåle vartar opp med god mat i Preststugu etter turen.

Billettar må bestillast før 5. juli. Kun 30 plassar! Programmet for vandringa ser slik ut: 

14.00   Oppmøte ved Hedalen stavkirke. Transport til Urdevassætra.

15.00   Vandring frå Urdevassætra til Hedalen stavkirke.

18.00   Mat i Preststugu ved Hedalen stavkirke.

19:00   "Når marke æ grøn og blomster'n blå" med Marit Karlberg og Frank Rolland

Etter konserten blir det ei omvising i stavkirka ved Anne Hilde Øigarden.

Arrangementet er i samarbeid med Pilegrimsvegen i Valdres