Hovudside Program Konsertar Viervann og Marihand
Facebook Instagram

Viervann og marihand

fredag 13. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
15.00 Vis i kart Konsert

Konsert i blomsterenga!

I den vakre blomsterenga på Valdres Folkemuseum får vi oppleva konserten Viervann og Marihand med Ingvill Buen Garnås.

Viervann og Marihand tek for seg folkesong og sogestoff knytt til kulturlandskap i bygd og fjell. Ingvill er kvedar, men også naturforvaltar tilsett ved Kulturlandskapssenteret i Telemark. Ho arbeider til dagleg med å formidle historie og verdiar knytt til dei før-industrielle kulturlandskapa og kulturmarksslaga våre. I kvedartradisjonen er det mange koplingar til dette. Med lokk og laling, solbøn og bånsull, hjuring- og bygdevise tek Ingvill deg med på ei reise gjennom landskap me alle har eit forhold til, medvite eller ikkje.

Dette gler vi oss til - velkomne!

Foto: Laila Meyrick / Velour

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området. Billett her: Fredagskveld