Hovudside Program Strunkeveko Konsertproduksjon
Facebook Instagram

Nytt kurs: Konsertproduksjon

søndag 08. juli, Merket i Tisleidalen
17.00 - 16.00 Kurs

NYTT KURS! 

Kurs i konsertproduksjon står på kursplanen for fyrste gong! Dette er eit kurs for dei eldste på Strunkeveko og har ei nedre aldersgrense på 16 år. Kursdeltakarane skal jobbe med å lage to konsertar, ein som skal synast fram i Tisleidalen torsdag kveld, og ein på Hilme på fredag kveld. Deltakarene vil få innsikt i korleis det er å tenkje heilheit på ein konsert med tanke på repertoar, innhald, bruk av rommet, og meir organisatoriske sider ved det å skulle lage konsert. I tillegg vil ein jobbe med å sette lys og lyd til konsertane.

Kurset er for både dansarar og spelemenn/songarar. Deltakarane vil få verdifull kunnskap som kan kome til nytte enten ein ser for seg å leve som profesjonell folkemusikar/folkedansar, eller rett og slett ynskjer å bli tryggare som konserthaldarar.

Deltakarane får også eit eksklusivt møte med artistiane i Hekla Stålstrenga som skal spele på Jaslangen-scena i år. I tillegg har Jørn Hilme-stemnet hyra konsertproduksjonskurset til å halde ei av forestilling under årets festival som inkluderer honorar og muligheit for overnatting i festivalcampen frå fredag 13.-søndag. 15.  juli.

NB! Kurset varer frå sundag 8. juli til fredag kveld 13. juli. 

Lærarar: Silje Onstad Hålien og Andreas Skeie Ljones 

Les meir om instruktørane under fana lærarar

Detaljer for kjøp
Du vil få tilsendt timeplan og anna informasjon om Strunkeveko på e-post før 15. Juni. Det er derfor svært viktig at du oppgir rett e-postadresse.
Kva slags oppgåver kan du tenke deg å ta?
Kjøp