Hovudside Program Strunkeveko Ministrunken: Hardingfele
Facebook Instagram

Ministrunken: Hardingfele

onsdag 02. august, Valdres Folkemuseum
10.00 - 15.00 Kurs

Ministrunken er eit todagarskurs for dei som er mellom 6 og 11 år. Frå klokka 10 til 15 vil flinke instruktørar gje undervisning både til dei som er heilt ferske og dei som har spelt litt før. På hardingfelekurs er det ein fordel om du har prøvd hardingfele før. I tillegg til kursinga er det fleire fellesøktar med leik og moro utandørs på museumsområdet.
Ministrunkane sjølve held konsert på torsdagen. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!
Deltakaravgifta inkluderar lunsj, instruksjon og konsert.

Instruktør: Tuva Færden

 

Detaljer for kjøp
Bestill