Hovudside Strunkeveko Kurstilbod 2017
Facebook Instagram

Kurstilbod 2017

Strunkeveko er stolte av å kunne presentere eit skikkeleg stjernelag av lærarar til årets kurs!

 

Toradar - Tom Kjetil Tørstad  

Tom Kjetil Tørstad frå Ryfoss er ein av landets desidert beste spelemenn på toradar. Han vann toradarklassa fyrste gong det stod på programmet i landskappleiksamanheng i 2006, og soloklassa på landsfestivalen vann han seinast i 2016. Vinteren 2016/17 har han spelt inn plate, og eg trur det er mange som er spente på å høyre den!

Tom Kjetil 

Foto: ingvil Skeie Ljones/FolkOrg

 

Langeleik - Sina Myhr

Sina Myhr har fått folkemusikken inn med morsmjølka, og er eit multitalent av dei sjeldne.  I tillegg til å spele langeleik er ho ein framifrå dansar, songar og hardingfelespeler! Sina har vore elev på Strunkeveko fleire gonger på tidleg 2000-tal, og i år er fyrste gong ho skal vera lærar for oss.

Sina 

 

Hardingfele - Jan Beitohaugen Granli  

Jan Beitohaugen Granli er sjølve ansiktet på Valdresspelet i dag. Han raska med seg det meste av landskappleiksigrar på 2000-talet, og til saman har mannen frå Øystre Slidre gått til topps i hardingfele klasse A heile 5 gonger. Jan er musikar på fulltid, og i tillegg til konsertar og diverse prosjekt er han lærar i kulturskulene i Valdres.

 MG 3076

Foto: Laila Meyrick

 

Hardingfele - Anne Hytta

Anne Hytta frå Sauland i Telemark, busett i Oslo, er blant landets fremste hardingfeleutøvarar, og arbeider både med det tradisjonelle folkemusikkrepertoaret og med nyskriven musikk. Anne er involvert i mange ulike prosjekt, frå middelaldermusikk til jazzinnspelingar til musikk for ny dansekunst. Som solo hardingfeleutøvar er ho fyrst og fremst kjent som formidlar av det heilt spesielle løndalsspelet, spel etter Svein Løndal og sønene hans.

Hytta Foto Geir Dokken

Foto: Geir Dokken 

 

Hardingfele fordjuping - Håkon Høgemo

Håkon Høgemo frå Årdal er ikkje noko mindre enn ein levande legende i folkemusikkmiljøet. Han har vunne både spelemannpris og landskappleiken to gonger, og har gjett ut eit utal cd-ar. Han er kjend for sin mektige klang og reine spel. I tillegg til utstrakt konsertverksemd solo og i diverse grupper underviser han på Noregs musikkhøgskule.

Haakon

Foto: Marit Bendz

 

Fele - Ingvild Blæsterdalen  

Ingvild Blæsterdalen kjem fra Røros. Via studier ved Noregs Musikkhøgskule og Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, førte kjærleiken og musikken henne til Verdal kor ho no er buset med familie. Ingvild har deltake i ei rekke prosjekt, og speler for tida fast i bandet Sjuende far i huset. Ho er ein allsidig musikar som har eit likestilt engasjement for utøving av tradisjonsmusikken frå Røros og Folldal, deltaking i band, teaterprosjekt og også som gitarist. I 2015 så Ingvild Blæsterdalen Trio dagens lys. I trioen har Ingvild selskap av ektemannen Einar Olav Larsen (tangentar og fele) og Sivert Skavlan (cello og klarinett). Ingvilds og trioens uttrykk kan beskrivast som inderleg, kraftfullt og med sansen for spennande harmoniseringar og arrangement. Ingvild skriv all musikk for trioen.

Ingvild Blæsterdalen Trio's debut-CD "Stayer" slippes 12. februar!

Ingvild Pressebilde

Foto: Espen Storhaug

 

Fele - Olaug Furusæther

Olaug er ei gladjente frå Venabygda i Ringebu. Olaug speler i A-klassa i spel vanleg fele og fyk ofte rundt med gruppa Vestlandsfanden. Ho er utdanna frå Ole Bull-akademiet og har fleire ulike engasjement og roller i folkemusikkverda.

Olaug

 

Fele fordjuping - Tron Steffen Westberg

Tron Steffen Westberg spelte seg inn i historiebøkene under landskappleik i 1999 med sin utgåve av Nordafjells. Han er den mest sentrale formidlaren av tradisjonsspel frå Røros, og det er vil ingen hemmelegheit at det blir mykje pols for fele fordjuping i år. Tron Steffen har spelt inn to kritikarroste CD-ar, og er kjend for sitt drivande dansespel.

Tron Steffen 

Foto: Ingvil Skeie Ljones 

 

Halling - Anders Aasberg og Asgeir Blaavarp Heimdal

Anders Aasberg jobbar til dagleg ved Frikar toppidrett i Valdres og har hatt hallingdansen som levebrød i maaange år! Asgeir Blaavarp Heimdal frå Numedal er eit kjend fjes for mange, han er dansar i klasse A i både halling og pardans. Han var lærar på Strunkeveko i fjor, og me er glade for at han tek turen også i år!

      Gokar Asgeir 2 S

 Foto: Signe Fuglesteg Luksegard             Foto: Knut Utler

 

Halling fordjuping – Sigbjørn Rua og Bjørnar Blaavarp Heimdal

På halling fordjuping får du to ulike folk som instruktørar, Sigjørn Rua med sin mjuke stildans, og Bjørnar Heimdal med råskap og villdans. Sibjørn og Bjørnar har til samen ein imponerande CV, med utalling opptrederer gjennom to fantastiske karrierer som hallingdansarar. Sigbjørn kjem frå Jondalen, og Bjørnar er frå Numedal. 

Sigbjoern Rua    Unspecified 8

Foto: Johan Røed                                                     Foto: Ingvil Skeie Ljones 

 

Pardans - Stian Roland 

Stian Roland er ein av landets fremste instruktørar innan folkedans. Han har erfaring som instruktør for fleire Bygda dansar-prosjekt, kurs i inn- og utland og kulturskulene. Han har vore med å gå til topps i dans hardingfele klasse A heile tre gonger! 

Unspecified 9 
Foto: Knut Utler

 

Song - Camilla Granlien og Sigrid K. Jore

Camilla Granlien og Sigrid Kjetilsdotter Jore er av dei beste songarane i landet! Båe to er svært aktive med cd-produksjonar, turnéar og kappleiksdeltaking. Camilla har utdanninga si frå Ole Bull akademiet og Rauland. Også Sigrid har studert ved Ole Bull akademiet, men før frilanstilveret byrja for fullt var ho også innom Norges Musikkhøgskole. 

 

 

I tillegg til alle kursinstruktørane er det ein del andre folk som skal innom kurset i 2017:

Det blir ikkje Strunkeveko utan Martin Myhr, Martin skal i år som i fjor ha ansvaret for kveldsdans og avslutningsframsyninga. Du kan godt kalle han for sosiallæraren vår, Martin brenn også for å få til topp stemning på kveldsdansen! Jørn Ranum kjem også innom med kameraet sitt, og vil har miniworkshops med enkelte grupper i arbeid med filmmateriale. Jørn er filmskapar på heiltid, og lidenskapeleg snøbrettkøyrar.