Hovudside Strunkeveko Lærarar 2019
Facebook Instagram

Lærarar 2019

Vi ser stort fram til å tilby elevane denne fantastiske gjengen med superpedagogar og utrulege utøvarar! 

Johanne Flottorp - Hardingfele 

Johanne Flottorp kjem frå Åmli i Agder, speler hardingfele og er utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Ho har gitt ut fleire CD-ar, mellom anna med gruppa Raabygg. Johanne speler i hardingfele klasse A og speler i hovudsak spel frå Agder og Telemark. Johanne er også musikalsk leiar i Bærum spelemannslag.

Kjellbjørn Karsrud - Hardingfele

Kjellbjørn Karsrud kjem frå Leira i Valdres, og er ein skikkeleg hardingfelenerd, med oversikt over det meste av låttar, spelemenn og kappleiksresultat. Kjellbjørn er A-klassespelemann på hardingfele og primus motor i Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar. Her får elevane sjansen til å lære kule låttar frå Valdres!

Alexander Røynstrand - Hardingfele Fordjuping

Født og oppvokst i "spelarhola" Granvin, og med Knut Hamre som læremeistar. Alexander har eit unik og særeige spel og har brei erfaring som kulturskulelærar, spelemann på ulike prosjekt og som trufast kappleiksdeltakar. 

Silje Risdal Liahagen - Song

Silje Risdal Liahagen bur i Oslo og livnærer seg som frilans songar, dansar og skodespelar. Ho er utdanna musikalartist ved Bårdar Akademiet i Oslo, og etter enda utdanning har ho medverka i fleire forskjellige førestillingar og prosjekt, då mykje innan folkemusikk og folkedans, som har vorte hovudfokuset hennar. Silje er i A-klassa i både vokal og dans hardingfele, og medlem i vokalgruppa Kvedarkvintetten som har to plateutgjevingar bak seg. Ho arbeidar både som instruktør, m.a. som vokallærar på Ole Bull Akademiets innføringskurs i folkemusikk, og som utøvar. Av siste kategorien kan nemnast den eigenproduserte førestillinga «Bytting», «Sunniva No» av Gro Marie Svidal og Mette Brantzeg, frilansoppdrag for dansekompania Villniss og Frikar, og konsertar og førestillingar på ulike festivalar og scener i inn- og utland.

Tuva Syvertsen - Song fordjuping

Tuva Syvertsen er eit kjend namn for dei fleste. Ho er kjend som frontfigur i Valkyrien Allstar. Mange fekk opp auga for den særeigne røsta til Tuva gjennom deltakinga i Stjernekamp. Det er gledeleg å få Tuva attende til Strunkeveko, sist ho var med var som deltakar for omlag 15 år sidan! 

Selma French Bolstad - Fele

Selma French Bolstad er eit folkemusikalsk stjernskot, ho går siste året av utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole. I tillegg til å beherske slåttespel på både fele og hardingfele, er Selma aktiv i fleire ulike band som bruker element frå både jazz og folkemusikk.

Rasmus Kjorstad - Fele

Rasmus Kjorstad er enda ein av desse forferdeleg gode, unge felespelarane! Rasmus er ein aktiv musikar, med engasjement i mange konstelasjonar, Morgonrode, Kjorstad-Brothers og Torgeir Vassvik for å nemne nokre. 

Bjørn Kåre Odde - Fele fordjuping

Bjørn Kåre Odde er ein særs aktiv og produktiv musikar. Han er svært allsidig og har medverka på eit titalls utgjevingar, samt raska med seg det meste ein kan vinne av prisar og utmerkingar i ung alder. Bjørn Kåre er ein svært dyktig arrangør av musikk, og nyleg vart eit av verka hans "Snilla Patea" nominert til årets verk i kategorien klassisk/samtidsmusikk hjå musikkforleggerprisen 2019.

Simon Hesselberg Løvald - Halling

Simon Hesselberg Løvald er dansar i A-klassa i halling, og har instruert og har dansa framsyningar over heile Noreg og mange andre plassar i verda. Mest av alt har han vore sentral i framveksten av eit stort halling-miljø i Oslo, som instruktør for NU, dansegruppene på Norsk Folkemuseum og for hallinggruppene Nesodden Dansarlag og BULder og Brak

Eirik Fulgesteg Luksengard - Halling

Eirik Fuglesteg Luksengard kjem frå Ål i Hallingdal. Han har lært å danse hjå sjefen sjølv, Martin Myhr. No jobbar han som lærar i Oslo og dansar med Kartellet ved sidan av. Eirik er a-klassedansar i halling og pardans, og er ein type som er glad i fart og moro! 

Ulf Arne Johannessen - Halling fordjuping

Ulf Arne Johannessen er ein hallingdansar som er kjend for mange, med oppdrag i inn og utland i ein årrekkje, han vann landskappleiken i halling klasse A under landskappleiken på Røros. I tillegg er Uffe ein drivande god spelemann på einradar, og er også festivalsjef for folkemusikkveka på Ål.

Martin Myhr - Halling fordjuping

Martin Myhr er ein levande legende i folkemusikkmiljøet. Han har i lag med kona Gunnlaug bygd opp fleire gode ungdomsmiljø for folkemusikarar i Hallingdal, og har vunne A-klassa i halling heile 6 gonger! Martin Myhr har vore på Strunkeveko nesten alle år sidan oppstarten i 1998.

Sigurd Heide - Pardans

Sigurd Heide er kjend som den beste i Noreg til å prate på innoverpust. Ein kan også nemne at han har ein mastergrad i koreografi frå, og han er koreograf og kunsterisk leiar i dansekompaniet Kartellet. Sigurd har også vore instruktør på Bygda dansar, og lært opp mange dansarar.    

Vegar Vårdal - Pardans fordjuping 

Vegar Vårdal er folkedansar og felespeler frå Oslo. Han har ein imponerande CV med mange utgjevingar på fele. Vegar er ein sentral person i folkedansmiljøet og har fått i stand folkedansline på Vinstra Vidaregåande skule knytt til folkemusikklinja og har gjeve verdifull kunnskap til mange folkedansarar til gjennom studiet Norsk Folkelig Dans.

Øystein Nicolaisen - Toradar

Øystein Nicolaisen har vore ein viktig utøvar og lærar på toradar i mange år. Han har vore svært viktig for å bygge opp eit solid toradarmiljø både i Valdres og Lom. Øystein har vunne toradarklassa på landsfestivalen fire gonger!  

Ingrid Lingaas Fossum - Langeleik

Ingrid Lingaas Fossum har undervist langeleik på Strunkeveko mange gonger tidlegare. Hor har vunne gruppespel med Magnhild Karsrud på langeleik, og er ein svært dyktig utøvar. Det som ikkje så mange veit er at Ingrid også er songar, med stor suksess i Tanzania. I skrivande stund har ein av musikkvideoane hennar over 157 000 visningar på nettstaden YouTube.

Simen Roheim Iversen - Munnharpe!

Nytt av året er kurs i Munnharpe! Elevane skal få lære seg å både smi ei harpe, samt lære seg mange nye låttar! Simen Roheim Iversen fra Bø i Telemark, går siste året på bachelor i folkekunst, metall, på USN-Rauland. Han har dei siste fire åra brukt så godt som all si tid til munnharpespel og munnharpesmiing, samt diverse kurs i båe deler. Han har produsert godt over 100 munnharper og delteke på fleire kappleikar, samt vunne munnharpeklassa under landskappleiken på Røros i 2017.

 Silje Onstad Hålien - Konsertproduksjon DRIV

Silje Onstad Hålien skal i lag med Andreas Skeie Ljones ha ansvaret for det nye kurset i konsertproduksjon. Ho har vore ein pådrivar og utviklar innan folkedansen dei siste ti åra både som koreograf, produsent og utvande dansar. Silje vart den fyrste kvinnelege hallingdansaren i klasse A då ho rykka opp i 2011. Saman med Andreas er ho primus motor i dansekompaniet Vilniss. Ho vart kåra til årets folkemusikar (2015).

Andreas Skeie Ljones - Konsertproduksjon DRIV

Andreas Skeie Ljones har i likskap med Silje Onstad Hålien vore ein nyskapar og utviklar i folkemusikken. I tillegg til utstrakt konsertverksemd er han tilsett som produsent med Riksscenen, den nasjonale scenen for folkemusikk og folkedans. Det er gledeleg å ha to ringrever som Andreas og Silje til å lose Strunkeelevane gjennom veka.