Hovudside Strunkeveko Ministrunken – kvalitetskurs for dei yngste
Facebook Instagram

Ministrunken – kvalitetskurs for dei yngste

Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for todagarskurset «Ministrunken» for born i alderen 6–11 år.

Onsdag og torsdag (2.-3. august) under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar/trekkspel på planen frå klokka 10 til 15.

Medan dei vaksne kan oppleva museet, eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til kursinga er det fleire fellesøktar med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar! 

Å vera med på Ministrunken kostar 800 kr for begge dagane, noko som inkluderar mat, instruksjon og konsertar.

Ikkje gamal nok til ministrunk? Fortvil ikkje! Frå 10:30-12:00 onsdag 2. og torsdag 3. august står folkemusikalsk leik, dans, song og moro på timeplanen for dei i alderen 3-5 år. Mangeårig feleunderhaldar Frank Rolland skal lose dei yngste gjennom eit fyrste møte med folkemusikken med seg har han superkvedar Marit Karlberg. Mikrostunken er gratis, påmelding lenger ned.

 

Påmeldinga til kursa på Ministrunken er open. Det blir kurs i fele, toradar, langeleik, hardingfele, dans og song. Påmeldingsfrist 12. Juli Har du spørsmål? Ta kontakt med leiar@strunkeveko.no