Hovudside Strunkeveko Starten på eit folkemusikkliv
Facebook Instagram

Starten på eit folkemusikkliv

Strunkeveko 2017 er lagt til 30. juli- 4. august. Kurset er eit vekekurs i folkemusikk og folkedans for barn og ungdom mellom 11 og 24 år.  

 

Omfattande kursopplegg

Dei ulike kursa på Strunkeveko samlar sjølve kjernen av den folkemusikken og folkedansen me finn i Noreg i dag. Hardingfele, vanleg fele, langeleik, toradar, trekkspel, song, dans med vekt på halling, samspel og folkedansteater står kvart år på kursprogrammet. Litt meir spesifikt, får deltakarane på Strunkeveko opplæring i heile spekteret av den disiplinen dei deltek i (repertoar, teknikk, intonasjon, rytmikk) både i gruppe og individuelt. Elevane blir delte opp i gruppe etter alder og nivå. Dei som tek del i instrumental opplæring eller song, får i tillegg noko undervisning i dans. Kvart år blir det også arrangert minikurs der elevane får prøve nye ting. Innføring i godkarsstykkje,  eldre folkemusikkinstrument som lur, bukkehorn eller seljefløyte er eksempel på desse minikursa. i år kjem Norsk munnharpeforum for å ha minikurs i munnharpespel. 

Scenetrening

Under Strunkeveko får deltakarane også øving i å stå fram med musikken og dansen på ei scene. Dei er hovudaktørar på to konsertar; den uhøgtidelege sjokoladekappleiken og den meir formelle avslutningskonserten, med opp mot 300 tilskodarar. Dessutan er det høve til å spela til dans på dansekveldar både på kursstaden og på Valdres Folkemuseum.  Ei anna side ved opplæringa er det å lære og lytte til andre. Deltakarane blir tekne med på fleire konsertar gjennom veka. Alle tek dessutan del i danseopplæringa på dagtid og dansen på kveldstid.

Møteplass nr. 1

I tillegg til all kursinga er det fleire andre aktivitetar gjennom veka. Mellom anna fotballturnering, bading, kanopadling og griling står på programmet. Strunkeveko har vorte den fremste møtestaden i landet for barn og ungdom med interesse for folkemusikk og folkedans. Deltakarane kjem frå store delar av landet til Valdres for å ta del i kursveka. Mange av deltakarane kjem att år etter år, og stadig fleire av dei er å sjå og høyre på kappleiks- og konsertscenene rundt omkring i landet etterkvart som dei blir eldre. Valkyrien er berre eit av mange gode folkemusikknamn som har funne tonen på Strunkeveko. Det er grenselandet mellom tradisjon og fornying som gjer Strunkeveko til eit så populært kurs.

Lærarar på hogget

Strunkeveko nyttar dei beste folkemusikkinstruktørane i landet! I tillegg til at dei er gode, er dei ofte unge. Fleire av dei er profesjonelle utøvarar som har pedagogisk erfaring som instruktørar. Mange av instruktørane på Strunkeveko har formell utdanning i folkemusikk og livnærer seg som profesjonelle folkemusikarar eller -dansarar, eller som pedagogar. Mange kan òg vise til sigrar frå Landskappleiken, Landsfestivalen eller nominasjonar til Spelemannsprisen, Folkelarm, Intro-folk osb.

Organisering

Strunkeveko blir organisert av ein tilsett og ei styringsgruppe på fem frivillige personar. Det er Valdres Folkemusikkarrangement AS som arrangerer både Strunkeveko og Hilme-stemnet som går parallelt. Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet har eit nært samarbeid for å kvalitetssikre begge arrangementa, men dei to er likevel separate arrangement med ulike målsettingar, målgrupper og tilskotsgrunnlag. 

Strunkeveko hadde ikkje eksistert om det ikkje var for støtte frå ulike aktørar. 

Strunkeveko 2017 er støtta av:

KOMP - Norsk musikkråd

Oppland Fylkeskommune

Norsk kulturråd

Rff -Rådet for folkemusikk og folkedans

I tillegg mottek Strunkeveko viktig støtte frå desse kommunane:

Nord-Aurdal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Sør-Aurdal og Etnedal. 

 

Tusen takk for alle bidraga!