Hovudside Strunkeveko Praktisk info
Facebook Instagram

Praktisk info

Her har vi samla smått og stort som er greitt å veta om opphaldet på Strunkeveko. i 2018 blir kurset også på Merket (som i 2016 og 2017), men kursveka er tidlegare enn vanleg. 8.-13 juli er den magiske datoen! 

Påmelding og betaling

Kursprisen for 2017 er 3500,- og syskenrabatten er på kr 500.–. Rabatten gjeld for alle syskna. Du velgjer vanleg pris eller syskenpris når du melder deg på. I tillegg får alle elevar på Strunkeveko ei gratis påmelding til kappleiken under Hilmestemnet. Du må sjølv melde deg på til kappleiken. Nedre aldersgrense på Strunkeveko er 11 år og øvre aldersgrense er 24 år. 

Påmeldingsfristen for 2018 er 20. Juni

Kursa kan bli fulle før fristen, og «fyrst til mølla»–prinsippet gjeld. 

Det blir sendt ut informasjon som timeplan, pakkeliste etc. når påmeldingsfristen går ut. 

Ditt lokale folkemusikklag eller heimkommunen din kan vera lure stader å søkje om støtte til deltaking på Strunkeveko.   

Kvar er Strunkeveko?

Strunkeveko blir i 2018 arrangert på Merket i Tisleidalen. Ein kan køyre hit via riksveg 54, frå Hallingdalssida via Gol, eller frå Valdressida via Leira. Dersom du vil lese meir om Merket kan ein gå til heimsida deira: http://www.heiasentrene.no/heia-merket.5173013-286623.html

Skal du på Strunkeveko er buss eit godt tips både for komforten og miljøet. 

Valdresekspressen går til Leira frå Oslo, Fagernes, Beitostølen, Årdalstangen og Sogndal. Fleire bussruter, mellom anna frå Lillehammer/Gjøvik, Bergen og Gol, ligg på http://www.opplandstrafikk.no

 

Oppmøte og registrering

Oppmøte er mellom 17:00 og 19:00 sundag. Då blir det sparka i gong med aktivitetsbonanza før lærarkonserten. Når de kjem får de utdelt rom og informasjon. 

 

Innkvartering

De bur på to– og tre– of fire-mannsrom. Mange kjem med ynskjer om kven dei vil dele rom med og dette vil me prøve å ta omsyn til, men me kan ikkje garantere at inndelinga blir akkurat slik. De får vite kven de skal bu med når de kjem på sundagen.

Me har nattevakter i kvart av husa. Nattevaktene ser til at alle er på plass og at det er ro i husa på  natterstid. Alle deltakarar må sjølve ta med seg sengeklede (dynetrekk, putevar og laken), men det er også høve å leige på Merket. Det er fint om dei vaksne ser til at dette vert lagt på sengene fyrste kvelden.

Dersom duhar allergi og må ha særskild diett, eller det er andre omsyn me skal ta, må du seie i frå innan 1. juli om du ikkje fekk gjort det i påmeldinga. 

 

Undervisning

I løpet av kursveka får du undervisning både i grupper og individuelt. På dei fleste kursa prøver me å dele inn gruppene etter nivå og alder, dette for å gje alle deltakarane eit best mogleg tilbod. I tillegg blir det høve til å spele til dans fleire gonger i løpet av veka, og alle deltakarane får eit innføringskurs i pardans.

 

Reglar

For at me skal ha ei god kursveke, har me nokre reglar som gjeld for alle deltakarane så lenge dei er på Strunkeveko:

• Ein må ikkje forlate Merket sitt området utan lov.
• All bruk av tobakk og alkohol er forbode.
• Alle skal vera på plass på sine eigne rom, og det skal vere stille i alle hus kl. 23.30 (Krullarkro, for dei som er 14 år eller eldre, sluttar 01.00)
Ved brot på reglane risikerar elevane:
• At dei må ligge på rom med ei av nattevaktene
• At dei må ringe heim og fortelja kva dei har gjort.
• Ved stadige brot/grove regelbrot kan elevane bli heimsende.

 

Bilete frå Strunkeveko 

Me kjem til å ta bilete i løpet av kursveka. Desse bileta kan seinare bli nytta på nettsidene og i reklamemateriell/trykksaker. Dersom de vil reservere dykk i mot dette, må de sende beskjed via e-post i god tid før kursstart, eller fjerne markeringa for at du godtek bruk av foto i påmeldinga. 

 

Bading

Det vil bli organisert bading. Dette vil gå føre seg i grupper, og det vil vere med badevakter. For at elevane skal kunne vera med på badinga, treng me godkjenning frå foreldra. Det blir difor sendt ut "badelapp" i infoen som kjem etter at påmeldinga er avslutta.