Noregs største sommarkurs i folkemusikk og -dans for ungdom
Strunkeveko vart etablert i 1998 og er eit vekeskurs i folkemusikk og folkedans for barn og ungdom mellom 11 og 20 år, og kan kallast starten på eit folkemusikkliv.
Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans i landet, og rundt 100 deltakarar er med på kursstaden Merket i Tisleidalen.
På Strunkeveko får du kyndig kursing av dei beste lærarane, fleire konsertar og ikkje minst vener i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø som varar livet ut.
Strunkeveko tilbyr kurs i alt frå torader og hardingfele til hallingdans og pardans. Skal du delta på Jørn Hilme-stemnet? Då er Strunkeveko ei kjempefin oppkøyring og øvingsarena!
Noko du lurer på? Send ein e-post til post@strunkeveko.no, eller bli betre kjent med kurset her!
KVA BETYR STRUNKEVEKO?
Strunkeveko var det dei før i tida kalla veka før slåtten. Då la dei brynestrunken i vatn, så han skulle trutne. Brynestrunken var ein behaldar eller butt som slåttekarane oppbevarte bryna i så den var lett tilgjengeleg under slåtten. Bryna brukte dei til å kvesse ljåen etter kvart som den vart skjemd når dei slo graset. Samtidig som dei klargjorde strunkebutten, gjekk gardbrukarane på besøk til einannan, festa, kosa seg og kvilte seg ei veke før det harde arbeidet skulle ta til. Det vart sagt at dei vart betre til å slå graset om dei fekk ei god strunkeveke.
Etter ei veke som deltakar på Strunkeveko er du kanskje ikkje heilt utkvilt, men svært klar for Jørn Hilme-stemnet og resten av folkemusikkåret!
KURSA
Kursa på Strunkeveko samlar sjølve kjernen av den folkemusikken og folkedansen me finn i Noreg i dag. Hardingfele, vanleg fele, langeleik, toradar, song, halling, munnharpe, konsertproduksjon og pardans står på kursprogrammet, og deltakarane får opplæring i heile spekteret av den disiplinen dei deltek i (repertoar, teknikk, intonasjon, rytmikk) både i gruppe og individuelt. Elevane blir delte opp i gruppe etter alder og nivå, og vi gjer så godt vi kan for å få til jamne grupper, og ved nokre høve kan det bli aktuelt å byte gruppe undervegs for å sikre at alle får ei lærerik, interessant og gjevande kursveke. Dei som tek del i instrumental opplæring eller song, får i tillegg noko undervisning i dans. Kvart år blir det også arrangert minikurs der elevane får prøve nye ting. Innføring i godkarsstykkje, eldre folkemusikkinstrument som lur, bukkehorn eller seljefløyte er eksempel på desse minikursa.
SCENETRENING
Under Strunkeveko får deltakarane også øving i å stå fram med musikken og dansen på ei scene. Dei er hovudaktørar på to konsertar; den uhøgtidelege sjokoladekappleiken og den meir formelle avslutningskonserten, med opp mot 300 tilskodarar. Dessutan er det høve til å spela til dans på kveldane på kursstaden. Ei anna side ved opplæringa er det å lære og lytte til andre. Deltakarane blir tekne med på fleire konsertar gjennom veka. Alle tek dessutan del i danseopplæringa på dagtid og dansen på kveldstid.
MØTEPLASS NR. 1
I tillegg til all kursinga er det fleire andre aktivitetar gjennom veka. Mellom anna fotballturnering, bading, kanopadling og grilling står på programmet. Strunkeveko er den fremste møtestaden i landet for barn og ungdom med interesse for folkemusikk og folkedans. Deltakarane kjem frå store delar av landet til Valdres for å ta del i kursveka. Mange av deltakarane kjem att år etter år, og stadig fleire av dei er å sjå og høyre på kappleiks- og konsertscenene rundt omkring i landet etterkvart som dei blir eldre. Valkyrien Allstars er berre eit av mange gode folkemusikknamn som har funne tonen på Strunkeveko. Det er grenselandet mellom tradisjon og fornying som gjer Strunkeveko til eit så populært kurs.
LÆRARAR PÅ HOGGET
Strunkeveko nyttar dei beste folkemusikkinstruktørane i landet! I tillegg til at dei er gode, er dei ofte unge. Fleire av dei er profesjonelle utøvarar som har pedagogisk erfaring som instruktørar. Mange av instruktørane på Strunkeveko har formell utdanning i folkemusikk og livnærer seg som profesjonelle folkemusikarar eller -dansarar, eller som pedagogar. Mange kan òg vise til sigrar frå Landskappleiken, Landsfestivalen eller nominasjonar til Spelemannsprisen, Folkelarm, Intro-folk osb. Vi har med andre ord dei fremste lærarkreftene du finn innan folkemusikk og folkedans!
ORGANISERING
Strunkeveko blir organisert av ein tilsett og ei styringsgruppe på fem frivillige personar. Det er Valdres Folkemusikkarrangement AS som arrangerer både Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet, som går parallelt. Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet har eit nært samarbeid for å kvalitetssikre begge arrangementa, men dei to er likevel separate arrangement med ulike målsettingar, målgrupper og tilskottsgrunnlag.
Strunkeveko hadde ikkje eksistert om det ikkje var for støtte frå ulike aktørar: Strunkeveko mottek støtte frå Norsk kulturfond, Innlandet fylkeskommune, Sparebankstiftelsen, Gjensidige, KOMP – Norsk musikkråd, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Nord-Aurdal kommune, Vang kommune, Øystre Slidre kommune, Vestre Slidre kommune, Sør-Aurdal kommune og Etnedal kommune.
Tusen takk for alle bidraga!