Billettar kjøper du i Ticketco eller på festivalkontoret på Valdres Folkemuseum i festivalveka. 

Foto: Anne-Marte Før

Information in English


Billettypar

  • FESTIVALPASS (torsdag–sundag)
    Helgepass gjev inngang på konsertar og arrangement frå og med torsdag 11. juli til og med sundag 14. juli. Helgepass inkluderer ikkje kurs og avslutningsframsyninga til Strunkeveko.
  • DAGSPASS (torsdag / fredag / laurdag / sundag)
    Dagspass gjev inngang på konsertar og arrangement éin dag under festivalveka – anten torsdag, fredag, laurdag eller sundag. Dagspass inkluderer ikkje kurs og avslutningsframsyninga til Strunkeveko.
  • ENKELTKONSERTAR (heile programmet er snart klart)
    Til konsertane fyrst i festivalveka kjøper du enkeltbillett. Sjekk programmet!
  • KURS (kurspåmeldinga opnar snart)
    Det er eiga påmelding til kursa. Gå inn på det aktuelle kurset, og bruk lenke til påmeldingssida. Påmeldingsfrist 1. juli.
  • KAPPLEIK
    Påmeldinga til kappleiken er ikkje open endå.
  • LAGDANS
    Skal du vere med på lagdans og du ikkje har tevla i kappleiken same dag, kjøper du ein rabattert billett når du går inn på området laurdag kveld. Ta kontakt med festivalkontoret, så ordnar dei billett til deg! Har du delteke på kappleiken på dagtid laurdag, eller du har kjøpt helgepass går du inn på det.

 

Gratis
• Gratis inngang for barn under 12 år til alle arrangement
• Gratis inngang på Valdres Folkemuseum for kappleiksdeltakarar den dagen dei tevlar (gjeld ikkje lagdans – eigen billett)
• Gratis inngang for publikum på kappleiken fredag og laurdag
• Foreldre til Ministrunken og Mikrostrunken, går gratis inn på museet kursdagane
• Gratis inngang til alle med ledsagerbevis

Vilkår

  • Vilkår i samband med kjøp av billettar finn du her!