Under dei hektiske festivaldagane bidreg nær 200 friviljuge i kulissane. Jørn Hilme-stemnet treng sterke hender og gode hovud for å få hjula til å gå rundt. Blir du med?
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Jørn Hilme-stemnet treng mange friviljuge, mellom anna til å rydde stolar, henge opp plakatar, vere artistkontakt og ordensvakt, selje billettar og smørje brødskiver. Målet er at ein som dugnadsarbeidar også skal få oppleve festivalen og at det å realisere noko saman skal gi ei ekstra god festivaloppleving!
Vil du vere med på laget? Kkikk på lenka her for å registrere deg som frivillig!
Som friviljug får du ved vakt:
- bli ein del av den store gjengen som skipar til årets trivelegaste festival, ein ekte hilmehelt!
- om du jobbar 0–6 timar: T-skjorte
- om du jobbar 6–12 timar: T-skjorte og inngang på eit arrangement ein dag du ikkje er på jobb.
- om du jobbar over 12 timar: T-skjorte og fri inngang på heile festivalen
- invitasjon til frivilligfest med mat og underhaldning ein gong på haustparten.
Dugnadsarmband, fribillettar og informasjon får du på festivalkontoret på Valdres Folkemuseum som er ope frå tysdag til sundag under festivalveka. Meir informasjon om vakta får du av nemdsleiaren din, og elles når du møter opp til fyrste vakt.