Kurs i fele FREDAG


Instruktør: Astrid Sulheim

Vanleg fele og hardingfele har levd side om side i den norske folkemusikken. Vi er svært glade for at Astrid Sulheim frå Lom i Gudbrandsdalen vil vere instruktør på dette kurset. Ho er ei av dei fremste norske folkemusikkutøvarane på vanleg fele, og har fleire sigrar frå Landskappleiken både i solospel, gruppespel og lagspel. Ho har hatt Rolv Brimi som læremeister, og har i tillegg lært av Knut Kjøk, Amund Bjørgen og Bjørn Odde. Ho har vore aktiv i Lom spelmannslag sidan starten av 90-talet. I tillegg er ho medlem av folkemusikkgruppene Atterljomen og Tufskrøkjun.  håpar mange stemmer fela og melder seg på kurs!

Temaet for fredagens kurs vil vere slåttar etter Fel-Jakup. Dette kurset passar for deg er på eit vidaregåande nivå. 

Fakta:

  • Fredag 10. juli klokka 10.00-12.30

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Fredag 10. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 12.30
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300 kr