Opningskonsert: «La Folia di Setra», Mari Askvik og SØLV


La Folia di Setra er eit møte mellom mezzosopran og folkesongar Mari Askvik og barokkensemblet SØLV, der norsk setertradisjon får spegle seg i europeisk barokkmusikk. Programmet hadde premiere i 2025 og no kjem dei til Valdres og Hilme!


Tittelen er ein norsk italiensk ordleik som peikar på livet og mylderet på setra – der song, lokk og rytmar alltid har vore ein naturleg del av kvardagen. I Norge står denne tradisjonen framleis sterkt, med ei ubrutt muntleg overlevering som skil seg frå mykje av den europeiske musikkhistoria. Samstundes finn vi spor av natur, pastorale motiv og gjeterliv hos mange barokkomponistar. Slik møter dei ulike tradisjonane kvarandre i dette programmet – fritt, leikande og grenselaust.


Mari Askvik vekslar mellom geitelokk, kveding, barneleikar og barokkarier, medan SØLV løfter fram musikk inspirert av både italienske gjetermarker og franske hoffmiljø. Når Vivaldis La Follia flettast saman med norske folkemelodiar, oppstår ei ny og overraskande samklang som gjer det kjende verket til noko heilt anna.

I konserten får vi òg høyre Huset og fuglen av komponist og folkemusikar Nils Økland, skrive spesielt for Ensemble SØLV. Stykket kombinerer naturmotiv, folkemusikalsk tonespråk og bruken av hardingfele og det nyutvikla instrumentet hardinglutt, og er – i god norsk tradisjon – overlevert ensemblet munnleg av komponisten sjølv.


Mari Askvik har røter i folkemusikken frå Indre Sogn og Nordhordland. Ho har Statens Kunstnarstipend for å integrere folkemusikk i sitt virke som klassisk songar og har dei siste åra medverka ved ei rekke prestisjefestivalar og internasjonale konsertscener.


Barokkensemblet SØLV debuterte i 2024. Med sin særprega klang frå viola d’amore, gambe og lutt utforskar dei repertoar frå renessansen til klassisismen, og har raskt etablert seg som eit av dei mest spennande norske tidlegmusikkensembla.


Vel møtt til ei bergtakande festivalopning!

Medverkande:
Mari Askvik: Song
Ingrid Økland: Viola d‘amore/fiolin
Mari Giske: Viola d‘amore/bratsj
Gunnar Hauge: Gambe/cello
Thomas Boysen: Lutt

Foto: Ingvild Festervoll Melien

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Sundag 5. juli kl. 19.00
Slutt: Sundag 5. juli kl. 21.00
Stad: Festsalen / Valdres Folkemuseum
Pris: 300 kr

«Låttar frå Hallingdal og Valdres». Åsmund Fauske Jøtun og Sindre Tronrud


Gjennom historia har det vore tett kontakt mellom Hallingdal og Valdres. Desse møta har sett spor – både i forteljingar og i sjølve musikken. Mange låttar finst i begge tradisjonane, der dei har utvikla seg vidare i møte med ulike spelemenn.

Jøtun & Tronrud lyftar fram desse felles låttane og synleggjer både likskapane og ulikskapane som har oppstått mellom tradisjonane. Med respekt for historia og blikk for nye impulsar utforskar Jøtun & Tronrud eit rikt og levande felleskap mellom Hallingdal og Valdres.

Kaffi, kringle og gode høve for småprat følgjer billetten - vel møtt til ein triveleg kveld på Bolstad!

Medverkande:
Åsmund Fauske Jøtun, hardingfele
Sindre Tronrud, hardingfele

Foto: Anders Lillebo

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Måndag 6. juli kl. 19.00
Slutt: Måndag 6. juli kl. 21.00
Stad: Bolstad, Rogne

Ragnhild Hemsing VETRA


I 2026 er det 20-årsjubileum for den populære solefallskonserten på Jaslangen i Vestre Slidre. Kva passar då betre enn å feire med vår heilt eigen verdsstjerne på scena? Det er ei stor glede for Jørn Hilme-stemnet å presentere Ragnhild Hemsing som sommarens artist på Jaslangen. Vel møtt til magiske kveldstimar med Hemsing i heimlege fjell!

Ragnhild Hemsing er ein svært allsidig musikar, og med både fele og hardingfele har ho gjort det til sitt varemerke å kombinere det beste frå klassisk musikk med folkemusikken ho kjenner frå Valdres. Til Hilme kjem ho med eit stjernelag av musikarar og prosjektet VETRA. Med VETRA har Ragnhild teke utgangspunkt i nokre av folketonane Ludvig Mathias Lindeman samla inn frå Valdres på midten av 1800-talet. Her vil impulsar frå folkemusikk, klassisk og jazz smelte saman og ta publikum med på ei vakker reise inn i Hemsing si musikalske verd.

Medverkande:
Ragnhild Hemsing – hardingfele og fiolin
Mathias Eick – trompet
Steinar Raknes – kontrabass
Terje Isungset – perkusjon
Marthe Husum – bratsj
Frida Fredrikke Waaler Wærvågen – cello
Knut Aastad Bråten – langeleik
Ole Aastad Bråten - langeleik

 

Buss: 

Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå Fagernes og Slidretun. Du må førehandsbestille bussbillett direkte frå JVB tur. Bussbilletter bestiller du her.

 

 

Velkomen til fjells! 

Foto: Cathrine Dokken

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Tysdag 7. juli kl. 20.30
Slutt: Tysdag 7. juli kl. 12.22
Stad: Jaslangen, Vestre Slidre

Småkurs onsdag


I år kan du bygge opp di eiga kursrekke av fleire småkurs. Dei ulike småkursa som går føre seg onsdag til fredag på Valdres folkemuseum er avlsuttande kvar dag, slik at du kan velje å vere med ein, to eller tre dagar, og sjølv plukke deg ut dei kursa du ynskjer.

Oversikt og påmeldingsinformasjon til kursa finn du her. 

Foto: Ingvil Skeie Ljones

 

Konsertar
Start: Onsdag 8. juli kl. 15.30
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 18.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300 kr for kvart kurs

Sudan Dudan Kvartett


Sudan Dudan, Valdres si eiga supergruppe, kjem til Trykkeriet med ei rykande fersk plate i bagasjen – klare til å fylle lokalet med sine finurlege og særeigne musikalske krumspring.

Gruppa står støtt planta i tradisjonsmusikken med song, langeleik, fele og munnharpe, men let seg òg inspirere av både country, ørkenblues og salmesong. Sudan Dudan har fått tallause lovord for dei fire første platene sine, og vi er ordentleg glade for at dei vil dele den nyaste musikken sin med oss.

I kveld stiller Sudan Dudan som kvartett – slik dei òg gjer på den nye plata.

Det blir open pub i foajeen før konserten.

Medverkande:
Marit Karlberg, vokal, langeleik og lyre
Anders Røine, vokal, gitar og fele
Hans Hulbækmo, vokal, munnharpe og perkusjon
Magnus Skavhaug Nergaard, vokal og bass

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Onsdag 8. juli kl. 19.00
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 20.30
Stad: Trykkeriet kulturarena

«På sporet av Hilme og Lurås», konsert med Sivert Holmen og Silje Risdal Liahagen


Hardingfelespelar Sivert Holmen legg ut på ny vandreturné sommaren 2026. Turnéen er inspirert av to hardingfelelegender og vandrepionerar, Knut Lurås (1782 1843) og Jørn Hilme (1778–1854), og ruta går frå Luråsgrend i Tinn til Fagernes i Valdres.

Langs den om lag 200 kilometer lange ruta blir det åtte konsertar, og i Tisleidalen kyrkje kan de vere med på konsert nummer sju. Kvar konsertplass får sin unike konsert med lokale låttar, musikalske forbindelsar mellom den aktuelle staden og Lurås/Hilme, og improvisasjon over dagens vandring.

På konserten i Tisleidalen kykje er Silje Risdal Liahagen gjesteartist. Med si klokkeklare stemme og unike nærvær er Silje ein utøvar du bør bli kjend med, enten det er i heksetrioen Hekate, den utforskande gruppa Spove, eller slik som på kveldens konsert: solo og i samspel med Sivert Holmen. Kanskje vil det også dukke opp nokre elevar frå Strunkeveko også? Den som kjem får sjå.

Temaet for denne konserten blir stølsliv. Musikarane vil mellom anna ta oss med på lokk, leik og møte rundt Vasetdansen.  Velkomen til Tisleidalen kyrkje og ein heilt unik konsert!

Prosjektet er støtta av Kulturrådet.

Medverkande:
Sivert Holmen, hardingfele
Silje Risdal Liahagen, vokal

Foto: Jørn Ranum

For meir informasjon om vandreturneen, sjå heimesidene til Sivert.

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Onsdag 8. juli kl. 20.30
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 21.30
Stad: Tisleidalen kykje

Pub: Hilmenach


Etter ein nydeleg konsert med Sudan Dudan Kvartett passar det vel utruleg godt med eit nachspiel på Fagernes sin eigen Kulturpub. Her blir det mogleg å få kjøpt seg forfriskingar, og det er fritt fram for buskspel og god stemning!

Foto: Cathrine Dokken

Konsertar
Start: Onsdag 8. juli kl. 20.30
Slutt: Onsdag 8. juli kl. 00.00
Stad: Fagernes kulturpub
Pris: Gratis

Kurs i valdresspringar og bonde for vidarekomne torsdag


Instruktørar: Stian Roland og Tone Voldhaug

Valdresspringar og bonde er to av fleire såkalla bygdedansar. Valdresspringaren har sitt særpreg: Dansen går i tredelt takt og har eit sett av ulike turar og tak som dansarane fritt kan plukke frå og setja saman. Dansen er svært populær på kappleik og dansefestar og blir dansa aktivt blant eldre og yngre. Bonde er ein gamal, men artig dans som kan minne noko om springar, men i staden for å springe i tredelt takt, går ein i todelt tak. Omlag som ein roleg halling der ein dansar to og to saman (bunde - bonde). 

På kurset får du påfyll og inspirasjon til å lære både valdresspringar og bonde endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk.

Kurset er for alle som har dansa springar og noko bonde før, og som meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren.

Stian Roland og Tone Voldhaug er to av dei fremste dansarane i Valdres. Dei har vunne Landskappleiken i både valdresspringar og bonde, og dei har halde eit utal kurs rundt om i landet. Båe står sterkt i valdrestradisjonen og har lært av og dansa med eldre utøvarar i miljøet. Med seg har dei Jan Beitohaugen Granli som vil sørgje for stødig dansespel. 

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Torsdag 9. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 10. juli klokka 10.00–14.00
  • Pris: 900 kr

Foto: Anders Lillebo

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Torsdag 9. juli kl. 14.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 18.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 900 kr

Stovekonsert 1: Camilla Granlien


Camilla Granlien er ein folkesongar med eit stort repertoar frå Gudbrandsdalen og Hedmarken. Sommaren 2026 er ho på turné i intime, gode lokalar, med naturlig og god lyd. På Hilme vil ho fylle gamle Høyne skule med sine songskattar. Her vil ho presentere skillingsviser, balladar, bånsullar og kjærleiksviser.

Camilla er ein sterk utøvar som har god kjemi med publikum når ho syng og fortel. Ho har vunne Landskappleiken i vokal kl A, heile tre gonger og har også ein Kongepokal for sin song.

Vel møtt til eit fint møte med dei gamle tonane.

Medverkande:
Camilla Granlien, song og div. instrument

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Denne konserten er eit samarbeid med Valdres Folkemuseum, og inngangsbilletten på museet gjev inngang på denne konserten.

Konsertar
Start: Torsdag 9. juli kl. 14.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 15.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang museet

Kurs i langeleik for nybyrjarar


Instruktør: Oddrun Hegge

I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake, og vi veit at mange har ein langeleik liggande under ei seng, eller kanskje den heng på ein krok på veggen? No skipar vi til eit kurs som deg som er heilt rykande fersk. Instrumentmakar og langeleikspelar Oddrunn Hegge vil gje deg gode tips i alt i frå stemming og vedlikehald av leiken til teknikk. De vil også få lære nokre låttar frå Valdres i ulike takt- og stilartar.

Treng du låne instrument, kan du ta kontakt – vi har nokre instrument til utlån.

Børst støvet av leiken meld deg på kurs!

Fakta:

Torsdag 9. juli klokka 15.30 – 18.30

Fredag 10. juli klokka 10.00 – 13.00

Påmelding gjeld begge dagane.

Foto: Cathrine Dokken

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Torsdag 9. juli kl. 15.30
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 18.30
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 900 kr

Småkurs torsdag


I år kan du bygge opp di eiga kursrekke av fleire småkurs. Dei ulike småkursa som går føre seg onsdag til fredag på Valdres folkemuseum er avlsuttande kvar dag, slik at du kan velje å vere med ein, to eller tre dagar, og sjølv plukke deg ut dei kursa du ynskjer.

Oversikt og påmeldingsinformasjon til kursa finn du her. 

Foto: Ingvil Skeie Ljones

 

Konsertar
Start: Torsdag 9. juli kl. 15.30
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 18.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300 kr per kurs

Konsert: Gabba


Gabba, som tyder «rein med snøkvit pels» på samisk, er eit samisk band som saumlaust blandar tradisjonell joik med impulsar frå norsk folkemusikk, americana og verdsmusikk. Musikken deira speglar livsstilen til det samiske folket, der kvar song tek lyttarane med til dei opne landskapa på Nordkalotten.

Joikemeistaren John André Eira frå Mazé, Guovdageaidnu, tek med seg både forfedre og originale komposisjonar til Gabba sin musikk, og skapar eit unikt og fengslande lydbilete.

Tek du turen til Valdres Folkemuseum denne kvelden kan vi love deg ei stor musikkoppleving full av ungdommeleg energi!

Etter konserten blir det både kviss, dans og meir konsert. Velkomne til ein solid festivalkveld!

Foto: Ángel Valiente

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Torsdag 9. juli kl. 19.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 20.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum

Kviss med Gunnlaug Lien Myhr og Johanna Fuglesteg


Til årets store Hilmekviss har vi henta inn skarpskodd ekspertise frå både Hallingdal og Valdres. Nestorane Gunnlaug Lien Myhr og Johanna Fuglesteg har samla saman finurlege spørsmål om både eitt og hitt, og vil ein gong for alle finne ut kven som har best oversikt over feltet. 

Dette er kvelden der det skal kappast i kunnskap om stort og smått innan folkemusikk. Er du ein rutinert arkivtråvar eller fersk i folkemusikken? Her kjem det spørsmål som skal passe dei fleste. Kva er ein kvart? Kor lang er ein leik? Kva er ein lauskar, og kor mange ungar og kjerringar hadde Jørn Hilme?

Kom aleine, eller samle saman eit lag av meir eller mindre kompetente deltakarar og bli med på kviss!

Medverkande:
Gunnlaug Lien Myhr og Johanna Fuglesteg

Foto: Annbjørg Myhra Bergwitz/Folkorg

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Torsdag 9. juli kl. 20.30
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 21.30
Stad: Fjordkafeen, Valdres Folkemuseum

«På sporet av Hilme og Lurås», konsert med Sivert Holmen


Hardingfelespelar Sivert Holmen legg ut på ny vandreturné sommaren 2026. Turnéen er inspirert av to hardingfelelegender og vandrepionerar, Knut Lurås (1782 1843) og Jørn Hilme (1778–1854), og ruta går frå Luråsgrend i Tinn til Fagernes i Valdres.

Langs den om lag 200 kilometer lange ruta blir det åtte konsertar, og i kveld blir turnén avslutta med konsert på Valdres Folkemuseum.  Kvar konsertplass får sin unike konsert med lokale låttar, musikalske forbindelsar mellom den aktuelle staden og Lurås/Hilme, og improvisasjon over dagens vandring. På denne siste og avsluttande konserten blir temaet ingen ringare enn Jørn Hilme sjølv. I tillegg vil også Sivert dele frå turen han hatt. Gjesteartistar på konserten er dei unge, virtuose felespelarane Frida og Marte Haltli. Frida og Marte er to nysgjerrige, dedikerte og leikne musikarar – gjesteartistar i Jørn Hilmes ånd. 

Velkomne til ei eksklusiv konsertoppleving i fotspora til Jørn Hilme og Sivert Holmen. 

Prosjektet er støtta av Kulturrådet.

Medverkande:
Sivert Holmen, hardingfele


Foto: Jørn Ranum

For meir informasjon om vandreturneen, sjå heimesidene til Sivert.

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Torsdag 9. juli kl. 22.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 23.00
Stad: Rognebygningen, Valdres Folkemuseum

Kurs i langeleik for nybyrjarar


Instruktør: Oddrun Hegge

I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake, og vi veit at mange har ein langeleik liggande under ei seng, eller kanskje den heng på ein krok på veggen? No skipar vi til eit kurs som deg som er heilt rykande fersk. Instrumentmakar og langeleikspelar Oddrunn Hegge vil gje deg gode tips i alt i frå stemming og vedlikehald av leiken til teknikk. De vil også få lære nokre låttar frå Valdres i ulike takt- og stilartar.

Treng du låne instrument, kan du ta kontakt – vi har nokre instrument til utlån.

Børst støvet av leiken meld deg på kurs!

Fakta:

Torsdag 9. juli klokka 15.30 – 18.30

Fredag 10. juli klokka 10.00 – 13.00

Påmelding gjeld begge dagane.

Foto: Cathrine Dokken

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 13.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 900 kr

Kurs i valdresspringar og bonde for vidarekomne fredag


Instruktørar: Stian Roland og Tone Voldhaug

Foto: Anders Lillebo

Valdresspringar og bonde er to av fleire såkalla bygdedansar. Valdresspringaren har sitt særpreg: Dansen går i tredelt takt og har eit sett av ulike turar og tak som dansarane fritt kan plukke frå og setja saman. Dansen er svært populær på kappleik og dansefestar og blir dansa aktivt blant eldre og yngre. Bonde er ein gamal, men artig dans som kan minne noko om springar, men i staden for å springe i tredelt takt, går ein i todelt tak. Omlag som ein roleg halling der ein dansar to og to saman (bunde - bonde). 

På kurset får du påfyll og inspirasjon til å lære både valdresspringar og bonde endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk.

Kurset er for alle som har dansa springar og noko bonde før, og som meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren.

Stian Roland og Tone Voldhaug er to av dei fremste dansarane i Valdres. Dei har vunne Landskappleiken i både valdresspringar og bonde, og dei har halde eit utal kurs rundt om i landet. Båe står sterkt i valdrestradisjonen og har lært av og dansa med eldre utøvarar i miljøet. Med seg har dei Jan Beitohaugen Granli som vil sørgje for stødig dansespel. 

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Torsdag 9. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 10. juli klokka 10.00–14.00
  • Pris: 900 kr

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 14.00
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 900 kr

Arkivseminar


Valdres Folkemusikkarkiv er det eldste regionalarkivet for folkemusikk i Noreg. Her er intervju, musikk- og danseopptak med felespelarar, langeleikspelarar, songarar og dansarar, frå 1940-talet og fram til i dag. Folkemusikkarkivet inneheld rundt 17 000 enkeltspor med song og musikk. Med denne skattekista om bord inviterer Valdres Folkemusikkarkiv og Jørn Hilme-stemnet til ein seminardag der ein har fokus på praktisk bruk av folkemusikkarkiva her i landet.

På seminaret blir det ulike innlegg, musikalske smakebitar og visning av mykje arkivgull. Arkivar ved Valdres Folkemusikkarkiv Frank Rolland leiar seminaret. Signe Dorthea Krohn Gjessing, Tom-Willy Rustad, Rasmus Kjorstad og Kjellbjørn Karsrud vil halde innlegg om korleis dei har nytta folkemusikkarkiva i sine arbeid.

Seminaret passar for studentar, pedagogar, utøvarar og generelt folkemusikk og -danseinteresserte.

Tidsplan: 
Fredag 10. juli kl. 10.00 - 15.00

 

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 15.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 500 kr vaksen, 400 kr student

Småkurs fredag


I år kan du bygge opp di eiga kursrekke av fleire småkurs på Hilme. Dei ulike småkursa som går føre seg onsdag til fredag på Valdres folkemuseum er avlsuttande kvar dag, slik at du kan velje å vere med ein, to eller tre dagar, og sjølv plukke deg ut dei kursa du ynskjer.

Oversikt og påmeldingsinformasjon til kursa finn du her. 

Foto: Ingvil Skeie Ljones

 

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 10.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 12.30
Stad: Valdres Folkemuseum
Pris: 300 kr per kurs.

Stovekonsert 2: John André Eira


Joikemeistaren John André Eira frå Mazé, Guovdageaidnu, tek med seg to av sine medmusikantar frå gruppa Gabba og held ein intimkonsert der joiken er i førarsetet.

John André Eira er nyleg tilsett som landsdelsmusikar i joik i Troms fylkeskommune, og no er han klar for å gje Hilmepublikummet ei stor oppleving i den gamle skulestova. I gamle Høyne skule er musikarar og publikum tett på kvarandre, noko som innbyr til ei nær og autentisk musikkoppleving.  

Denne konserten er eit samarbeid med Valdres Folkemuseum, og inngangsbilletten på museet gjev inngang på denne konserten.

Foto: Jonas Eriksen

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 15.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang museet

Festkonsert med prisutdeling


Vi sparkar i gang festivalhelga med eit fyrverkeri av ein konsert! Her vil du få møte eit knippe av årets Hilmeartistar - det blir med andre ord ein konsert med høgdepunkt på rekke og rad! I tillegg til dei musikalske godbitane, blir det utdeling av Torleiv Bolstads minnestipend. Museumsdirektør Ole Aastad Bråten vil lose dykk trygt gjennom konserten.

Det er godt med sitteplassar under tak, og det er mogleg å kjøpe seg både mat og drikke på området.

Vel møtt til ein innhaldsrik start på sommarkvelden!

Medverkande:
Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén-Warg
Håkon Høgemo og Erlend Viken
Spove
Gjevre, Odde & Vårdal
Ole Aastad Bråten

Foto: Eirik Havnes, Simon Matthew Valentine

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 19.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 20.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum

Konsert: Gunnlaug Lien Myhr og Johanna Fuglesteg


Vi er glade for å kunne invitere til konsert med to nestorar frå kvart sitt dalføre. Gunnlaug Lien Myhr kjem med ein songskatt frå Hallingdal, og Johanna Fuglesteg stiller med gullkanta tonar frå Valdres. I tillegg til songane, byr desse damene også på gode historier og triveleg lag.

Velkomne til ei fin kveldsstund med ord og tonar frå gode naboar.  

Medverkande:
Gunnlaug Lien Myhr, song
Johanna Fuglesteg, song

Foto: Annbjørg Myhra Bergwitz/Folkorg

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 20.30
Slutt: Fredag 10. juli kl. 21.30
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum

Dansekonsert: Astrid Sulheim og Daniel Sandén-Warg


Slidrehuset er eit sagnomsust danselokale. Her bankar festivalpulsen i springartakt, golvet fyllast opp av dansepar etter dansepar og vindauga står ope ut i sommarnatta. Det er heitt og nydeleg! 

Denne kvelden blir ein for bøkene: Du stiller med dansesko, vi har ordna suveren musikk! Astrid Sulheim og Daniel Sandén-Warg kjem oppspelte og klare med danseslåttar frå Gudbrandsdalen og Setesdal. Her skal det dansast! 

Medverkande:
Astrid Sulheim, fele
Daniel Sandén-Warg, hardingfele og munnharpe.

 

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 22.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 23.00
Stad: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum

Konsert: Høgemo/Viken


«Melodisk hev sogneslåtten eit eige lag til å tumla seg gjennom store intervall, og sluttkadensen kjem ofte noko brått og uventa. Det lydiske draget er særs sterkt i desse slåttane». Dette er eit sitat frå Arne Bjørndal som omtalar slåttematerialet frå Indre Sogn. Og det er nettopp desse enkle, rytmisk sterke og kraftfulle slåttane etter søskenparet Sigurd og Johanna Eldegard duoen Høgemo/Viken har fordjupa seg i.

Håkon Høgemo kjem frå Årdal i Sogn og er djupt planta i hardingfeletradisjonen derfrå, medan Erlend Viken har feletradisjonen frå Oppdal i Trøndelag som sitt musikalske heimland. Dei møttest første gongen som læremeister og elev, då Håkon underviste Erlend i hardingfele ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Erlend fekk raskt augo opp for Håkon sitt spel, slåttane frå Årdal – og ikkje minst slåttane etter Eldegard-slekta.

Medverkande:
Håkon Høgemo, hardingfele
Erlend Viken, hardingfele og oktavfele

Foto: Eirik Havnes

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 23.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 00.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum

Stovekonsert 3: Sletten/Hansen


Ragna Valde Sletten og Vegard Hansen møttes som studentar på Ole Bull Akademiet på Voss og har spelt ilag sidan. Duoen har eit uttrykk som tek utgangspunkt i akustisk samspel mellom trekkspel og fele. Tradisjonelt sett er repertoaret ei samansmelting av slåttespel frå Nordmøre og Gudbrandsdalen, samt andre impulsar som musikarane har tatt del i gjennom ulike prosjekt dei har vore med på.

I 2024 gav duoen ut sitt første album, «I stugun». Sletten/Hansen hentar stoff frå arkiv så vel som levande kjelder, og komponerer også sjølve. Det lyttande samspelet legg grunnlag for god og ekte formidling og skaper eit intimt men kraftfullt uttrykk.

Medverkande:
Ragna Valde Sletten, fele
Vegard Hansen, trekkspel

Denne konserten er eit samarbeid med Valdres Folkemuseum, og inngangsbilletten på museet gjev inngang på denne konserten.

Foto: Thor Hauknes

Konsertar
Start: Laurdag 11. juli kl. 14.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 13.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum
Pris: Inngang museet

Konsert: «Folkjazz». Karl Seglem Band


Karl Seglem, ein av dei fremste musikarane på bukkehorn og tenorsaxofon har eit imponerande driv til stadig å utforske tilhøva mellom folkemusikk og jazz – og alt rundt. Det er vanskeleg å setja ein merkelapp på Karl Seglem. Han har skapt sitt eige lydunivers, sin eigen sjanger så å seia.

Inspirasjonen til skapingsprosessane har over svært langt tid komme frå norsk folkemusikk og særleg hardingfeleslåttar frå indre Sogn, som har slektskap med tradisjonane i Valdres og storspelemannen Jørn Hilme. Seglems stjernelag presenterer denne sommarkvelden både nykomponert musikk som del av pågåande arbeid med trilogi-utgjeving under namnet Mytevegar, og musikk frå tidlegare album. Lydlandskap der fjellheim, sanddyner, asfaltjungel, bølgjande skog og livgjevande vatn kan høyrast. Overtydande utadvendt, vakker energisk, poetisk nordisk musikk rota i norsk hardingfeleklang

Det er godt med sitteplassar under tak på, og det er mogleg å kjøpe seg både mat og drikke på museumsområdet. Velkommen til ein flott sommarkveld for både liten og stor! 

Medverkande:
Karl Seglem, tenorsax, bukkehorn, poesi-stemme
Erlend Viken feler, vokal
Håkon Høgemo, hardingfele
Sindre Tronrud, hardingfele
Kenneth Lien, munnharpe, lyre, fele
Hallvard Gaardløs, bass, vokal
Stein Inge Brækhus, trommer
Tor Magne Hallibakken, lyd

Foto: Oddleiv Apneseth

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 11. juli kl. 19.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 20.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum

Konsert: Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén-Warg


Vi er svært glade for to av dei fremste tradisjonsberarane av den kraftige og myteomspunne musikken frå Setesdal vil ta turen til Valdres og Hilme. Med hardingfele, munnharpe og song vil Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén-Warg ta oss med på reise i stev og tonar etter kjelder som Knut J. Heddi, Andres K. Rysstad, Torleiv H. Bjørgum, Tarjei og Gro Heddi Brokke.

Både Kirsten og Daniel har lært direkte av mange tradisjonsutøvarar i Setesdal, og begge har dei jobba mykje med arkivopptak. Begge kan dei smykke seg med fleire utgjevingar og gode plasseringar på kappleik. I tillegg vart Kirsten Bråten Berg utnemd til riddar av 1.klasse for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar.

Her må du vere tidleg ute for å sikre deg plass. Vel møtt til ei stor stund i Festsalen!

Medverkande:
Kirsten Bråten Berg - Kveding
Daniel Sandén-Warg - Hardingfele og munnharpe

 Foto: Gorrlaus

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 11. juli kl. 21.00
Slutt: Torsdag 11. juni kl. 22.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum

Konsert og plateslepp: «Horisont». Gjevre, Odde & Vårdal


Trioen Gjevre, Odde & Vårdal byrja å spele saman hausten 2017, og er no klare med si tredje plate «Horisont».  

Gamle slåttar blir førte vidare frå spelemann til spelemann. Undervegs set kvar og ein sitt eige preg på musikken, og denne personlege forma kan stundom gje liv til heilt nye slåttar. I horisonten ligg tradisjonane lag på lag – eit levande bakteppe som stadig påverkar, formar og ber musikken vidare. Det er desse laga trioen ynskjer å løfte fram i si tredje plate som ber namnet «Horisont».

Repertoaret er ei blanding av nykomponert musikk og tradisjonelle slåttar frå Nord-Gudbrandsdalen, og på denne konserten vil de få høyre lyarslåttar og springleikar, hallingar og runddans.

Velkomne til plateslepp og konsert i Høyne skule denne sommarkvelden!

Medverkande:
Inge Gjevre, toradar
Mads Erik Odde, trekkspel
Vegar Vårdal, fele

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 11. juli kl. 22.30
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 23.30
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum

Konsert: Spove


Det er langt frå Hallingdal til Syria. Skal du køyre frå Ål til Homs, er det 4788 kilometer som skal tilbakeleggast før du kjem fram. Men musikalsk er det ikkje store avstandar. Noko gruppa Spove viser oss denne kvelden. Dei fire musikarane finn ekko og gjenskin i melodiane, eit spontant og ukuratert kulturmøte som handlar like mykje om det mellommenneskelege og venskap som forsking i tradisjonsmusikk. No møtest dei i Festsalen på Valdres Folkemuseum, og du er invitert med!

Folkesongarane Silje Risdal Liahagen og Nawara Alnaddaf syng på kvar sitt morsmål, medan Inger Hannisdal på fele har ein fot i kvar tradisjon. Saman med Adrian Myhr på kontrabass vev dei norsk og syrisk folkemusikk saman i eit forunderleg lappeteppe.

Spove starta på ein fest. Folkesongane frå Hallingdal, som Silje Risdal Liahagen song, fascinerte felespelar Inger Hannisdal. Hannisdal har studert arabisk musikk i Libanon. Ho beit seg særleg merke i tonaliteten Silje hadde, og bruken av kvartonar. Dette likna på den arabiske musikken ho sjølv hadde studert. Vidare vart Silje introdusert for Nawara Alnaddaf, ein annan Oslo-basert vokalist og musikar opphaveleg frå Syria, og dei tre begynte å spele saman. Seinare fekk dei med seg Adrian Myhr på kontrabass, og Spove vart til - oppkalla etter den store trekkfuglen med den vakre songen.

Medverkande:
Nawara Alnaddaf, vokal, oud, ney, lyre
Silje Risdal Liahagen , vokal
Inger Hannisdal,  fele, oktavfele, hardingfele, daf
Adrian Myhr, kontrabass

Foto: Simon Matthew Valentine

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 11. juli kl. 23.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 00.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum

Konsert: Pumpegris


Ein skal ikkje sove bort sommarnatta, blir det sagt. Og det skal godt gjerast denne kvelden, for no skal gruppa Pumpegris spele opp til dans!  

Pumpegris har verkeleg sett folkemusikken på kartet i det norske musikklivet, og spelar no på store og små scener i inn- og utland.  Til Hilme kjem dei med sekken full av musikk som har impulsar frå ei mengd sjangrar, men der tradisjonsmusikken alltid ligg godt framme i lydbiletet.

Medverkande:
Vera Sonne, vokal
Astrid Garmo, fele, gitar, synth
Trygve Liahagen, fele
Mikkel Bjørneboe, bass
Jon Espelid, trommer

KJØP KVELDSPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Sundag 12. juli kl. 00.30
Slutt: Sundag 12. juli kl. 01.30
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum

Konsert: Silje Hegg


Festivalen går mot slutten, og då passar det heilt perfekt å runde av med ein nydeleg konsert med seljefløytespelaren Silje Hegg frå Vinje i Telemark. Silje har markert seg som ei av våre fremste utøvarar på seljefløyte og med eit vart, men også kraftfullt uttrykk, tryllar ho fram danselåttar og lydarlæte som perler på ei snor.

Medverkande:
Silje Hegg, seljefløyter

Foto: Nikolaj Blegvad

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Sundag 12. juli kl. 13.00
Slutt: Sundag 12. juli kl. 14.00
Stad: Rognebygningen, Valdres Folkemuseum