Jørn Hilme-stemnet har ei rikhaldig kurspakke i spel og dans. Vil du lære noko nytt eller grava djupare i det du alt kan? Her kan du velje mellom kortare småkurs, lengre fordjupingskurs og eit svært rikhaldig seminar om folkemusikkarkiva våre. 

Velkomen til landets beste sommarkurs for vaksne!

Information in english

På Jørn Hilme-stemnet møtest publikum og artistar på tvers av generasjonar. Difor legg vi til rette for gode rekrutteringstiltak for vaksne i både spel og dans.

Kursa er tilgjengelege for alle vaksne med interesse for folkemusikk og folkedans. Vi tilbyr kurs for vidarekomne og for dei som er heilt ferske. Mange er interesserte i å lære meir av noko dei begynte på i ungdomen, og somme er ute etter eit miljø der dei kan finne andre med same interesse.

Vi tilbyr kurs i tradisjonar som høyrer heime i Valdres, men òg tradisjonar frå andre delar av landet. I sommar kan du lære valdresspringar, hallingspringar, pols, langeleik, hardingfele, fele, munnharpe og song. Kursdagane under Jørn Hilme-stemnet involverer dei fremste lærarkreftene innanfor dei ulike sjangrane.

Dei ulike småkursa som går føre seg onsdag til fredag på Valdres folkemuseum er avsluttande kvar dag, slik at du velje å vere med ein, to eller tre dagar, og sjølv plukke deg ut dei kursa du ynskjer. Oversikt over småkursa ser du her, og meir informasjon finn du i menyen under.

Praktisk informasjon:

Dei fleste av kursa går føre seg i dei gamle museumsstovene på Valdres Folkemuseum. Der kan det vere litt kjølig, så det er lurt å ha med gode klede sjølv på ein fin sommardag.

Munnharpe:
Det er fint om deltakarane stiller med munnharpe i A. Hilme har nokre harper til utlån. Gjev beskjed så snart så råd om du ynskjer å låne ei harpe. 

Langeleik:
Vi har nokre langeleikar til utlån, gjev beskjed så snart som råd dersom du ynskjer å låne.

Folkesong: 
Ta med deg noko å skrive med og på. Det blir høve til å gjere øvingsopptak, men dette er berre etter avtale med instruktør og berre til eigenøving (ikkje til publisering). 

Program:

ONSDAG 8. JULI
15.30 – 18.00 Ulike småkurs på Valdres folkemuseum

TORSDAG 9. JULI
14.00-18.00 Fordjupingskurs valdresspringar og bonde vidarekomne
15.30-18.00 Ulike småkurs på Valdres folkemuseum
15.30-18.30 Nybyrjarkurs i langeleik

FREDAG 10. JULI
10.00–15.00 Arkivseminar
10.00–14.00 Fordjupingskurs valdresspringar og bonde vidarekomne
10.00-13.00 Nybyrjarkurs i langeleik
10.00–12.30 Ulike småkurs på Valdres folkemuseum

Foto: Cathrine Dokken

Kursrekkja er støtta av Kulturrådet og Senter for folkemusikk og folkedans

Onsdag 8. juli


15.30

Kurs i folkesong ONSDAG
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i munnharpe ONSDAG
Stad: Valdres Folkemuseum

15.30

Kurs i langeleik ONSDAG
Stad: Valdres Folkemuseum

15.30

Kurs i hardingfele ONSDAG
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i fele ONSDAG
Stad: Valdres Folkemuseum

15.30

Valdresspringar på 1, 2, 3
Stad: Valdres Folkemuseum

Torsdag 9. juli


15.30

Kurs i folkesong TORSDAG
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i munnharpe TORSDAG
Stad: Valdres Folkemuseum

15.30
15.30

Kurs i hardingfele TORSDAG
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

15.30

Kurs i fele TORSDAG
Stad: Valdres Folkemuseum

15.30

Kurs i langeleik for nybyrjarar
Stad: Valdres Folkemuseum

15.30

Pols på 1, 2, 3
Stad: Valdres Folkemuseum

Fredag 10. juli


10.00

Arkivseminar
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum

10.00

Kurs i folkesong FREDAG
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

10.00

Kurs i munnharpe FREDAG
Stad: Valdres Folkemuseum

10.00

Kurs langeleikspel frå Hallingdal
Stad: Valdres Folkemuseum

10.00

Kurs i hardingfele FREDAG
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes

10.00

Kurs i fele FREDAG
Stad: Valdres Folkemuseum

10.00

Kurs i langeleik for nybyrjarar
Stad: Valdres Folkemuseum

10.00

Hallingspringar på 1, 2, 3
Stad: Valdres Folkemuseum