Jørn Hilme-stemnet er kappleik
I over 60 år har kappleiken på Jørn Hilme-stemnet vore ein viktig del av festivalen.
Foto: Cathrine Dokken
Program for kvar dag finn du her!
Kappleiken går føre seg på Trykkeriet Kulturarena i Fagernes sentrum. Trykkeriet finn du i Skrautvålsvegen 15.
Fredag 10. juli er det kappleik for juniorar. Laurdag 11. juli er det kappleik for seniorar. Dei yngste kan i år melde seg på sin heilt eigen Småkappleik på museet på laurdag. Her blir det diplom og premie til alle! Meld dykk på på festivalkontoret heilt fram til start.
Du kan melde deg på kappleiken (jr., sr. og lagdans) frå 1. juni og heilt fram til onsdag 08. juli. Påmelding skjer via FolkOrg sitt kappleikssystem. Du finn påmeldingssida her.
Har du lyst til å delta, men er ikkje medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Erland Voldhaug Andersen: erlandva@hotmail.com.
Utekappleiken med lagdans går føre seg laurdag 11. juli kl. 20.00 på Valdres folkemuseum. Lagdans melder seg på med ein epost til tevlingsleiar: erlandva@hotmail.com
For seniorar kostar det 300 kr å delta, for junior er prisen 150 kr. Lagdansarar som ikkje har delteke på kappleik tidlegare kjøper ein eigen rabattert lagdansbillett på stemnekontoret som gjeld for heile kveldsarrangementet på Valdres Folkemuseum. Strunkeelevane deltek gratis.
Startlister blir publisert i førekant av kappleiken her på nettsidene, samt på Facebook.
Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel. Vinnaren her tek med seg 10 000 kr medan andre- og tredjepremie er på 5 000 kr og 2 000 kr.
Kappleiken har totalt ni klasser.
- Open klasse
- Eldre folkemusikkinstrument
- Halling
- Hardingfele/vanleg fele
- Pardans
- Samspel av alle slag
- Toradar/trekkspel
- Vokal
- Lagdans
Velkomen på kappleik!