Jørn Hilme-stemnet varar heile året!


Konsertserien «Hilme året rundt» er ei ambulerande scene som tek i bruk ulike lokale rundt omkring i Valdres.

Foto: Anne-Marte Før

Konsertane er opne for alle, anten du er fast inventar på festivalen eller berre nysgjerrig på folkemusikk. Hilme året rundt har eit godt samarbeid med Innlandet fylkeskommune om gode rabattar på Hilme året rundt-konsertane. Ordninga gjeld ungdom mellom 13 og 21 år, og blir kalla UngINN. I 2024 er rabatten på 150 kr per billett. Hilme året rundt er støtta av Norsk kulturfond.

Programmet for hausten 2024 er ikkje klart enno.

 

Familiekonsert med Geirr Lystrup og Geir Otnes


Velkommen inn i Festsalen til ein lun famliekonsert med sjølvaste Geirr Lystrup og Geir Otnes! 

Lystrup og Otnes er ein rutinert duo, som sjølv seier dei har spelt i lag halve livet. Dei kjem til Valdres folkemuseum med songar som både ungar og vaksne i fleire generasjonar kan kjenne att: Songar frå dei dei nyaste bøkene og platene Bæssfar og je (2022) og Bæssfar og je og jula (2023) og kjente viser som Lefse lompe stompe dompe/Ha ti dæ og Grendahusvalsen. Det blir altså ei god blanding av jul og annan musikk frå Geirr sitt store repertoar.

Alt ligg til rett for ei god oppleving for heile familien. Geirr er ein meister i å skape varme og nære møte med publikum i alle aldrar, med eit smil om munnen og glimt i auga.

Dette blir ei perfekt avslutning på Skarke på Valdres folkemuseum! 

 

Pris: 

Pakkepris for Skarke + konsert: kr 250 (billetten må kjøpast på Valdres folkemuseum) 

Ordinær konsertbillett er kr. 200 (kjøpast på TicketCo eller i døra)

UngINN: 50 kr (må vise rabattkort)

Barn under 16 år: Gratis

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Tysdag 7. januar kl. 16.00
Slutt: Sundag 1. desember kl. 17.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 250/200/50

Tidlegare hendingar


Hilme året rundt: Øyjar kapell 60 år!


Konsert med Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust!

Sundag 15. september kl. 19.00 markerar vi at Øyjar kapell er 60 år med konsert med Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust!
I duoen Fossum/Aukrust får vi oppleve eit unikt lydbilde: Den lågmælte og klangfulle langeleiken, som har levt i minst 500 år i Noreg - i kombinasjon med kyrkjeorgel, eit av dei mektigste instrumenta vi har. Gjennom konserten får vi høyre folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Valdres i ein ny musikalsk drakt: Halling og springleik, lyarlåttar og bådnsullar, delvis i kombinasjon med nyare, klassiske verk. Mykje av musikken har fjell- og stølsliv som tema, frå fjella som skiljer heimtraktene til dei to utøvarane. Langeleiken og orgelet skiftar mellom å ha ein ledande rolle, og vi får òg høyre song og kraviklyre
I tillegg til konserten blir det servering av kaffe og kaker og Johanna Fuglesteg og Mona Dalen vil fortelje litt om historia til denne lille kyrkja som ligg i Øyebygda - på vestsida mellom Slidre og Røn. Billettar kjøpast døra. 150 kr for vaksne og gratis for Ung INN-medlemmar (https://unginnlandet.no/ungdomsordninger/unginn/) og born under 13 år.
Dette blir ei markering i samarbeid med Røn sokneråd og arrangementet er støtta av Vestre Slidre kommune, Vestre Slidre Historielag, Norsk Kulturfond og Kiwi Røn.

Hilme året rundt
Start: Sundag 15. september kl. 19.00
Slutt: Sundag 15. september kl. 21.00
Stad: Øyjar kapell i Øyebygda, Vestre Slidre
Pris: 150 kr

Hilme året rundt: Grålysing i Kvam


Vi skal ikkje sova bort sumarnatta!

Denne gongen er målet å koma seg gjennom alle felestillene ein har hatt i tradisjon på hardingfele. For å få til dette vil det bli dansespel gjennom heile natta, frå solnedgang til soloppgang. Som ein del av arrangementet blir det også tre lydarlæte-konsertar med Sivert Holmen og Syver Rolandsgard Hauge. Det blir dansespel med fleire spelemenn som blir offentleggjort etter kvart.
Arrangementet finn plass på det gamle tunet til garden Kvam. Tunet har historisk sus beliggende langs kongevegen i Vang i Valdres og på tunet finn ein i alt ni hus frå rundt 1780 til 1860 åra. Her var det også lensmannsbolig og tingplass.
Ta med ulltøy, feler og dansesko og førebu deg på ei oppleving for livet. Arrangementsstart 20.00. Konsertar kl. 21.00, 23.00 og 01.00.
Dansespel kontinuerleg i tidsrommet 21.00 - 04.00 - Dansen foregår på uteplatting, men blir flytt inn på låven ved dårleg vér.
Ta med telt eller hengekøye for overnatting. Ein kan også ta med liggeunderlag/madrass og overnatte på låven.
Sal av mat og drikke utover kvelden og natta!
Billettar: 275kr for vaksne, Ung Inn (13 - 21 år. Sjå unginnlandet.no/ungdomsordninger/unginn) 125kr, og gratis for dei under 13 år. Billettsalget har opna!
Velkomen!
Arrangørar: Hilme året rundt og Gamle Kvam

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Fredag 14. juni kl. 20.00
Slutt: Laurdag 15. juni kl. 05.00
Stad: Gamle Kvam, Tyinvegen 4716, 2975 Vang i Valdres
Pris: Billettar: 275kr for vaksne, Ung Inn (13 - 21 år. Sjå unginnlandet.no/ungdomsordninger/unginn) 125kr, og gratis for dei under 13 år. Billettsalget opnar snart.

Bill.merk.: Heil ved


Hallingdanser og vedprodusent søker henrivende publikum!

Høytsvevende og hardbarka,

men også følsom og jordnær hallingdanser

søker henrivende publikum.

Og drømmedama.

Alt av interesse.

Kunnskap om folkedans og ved ikke et krav.

Ved interesse:

kom på Fagernes kulturhus torsdag 18. april kl. 19.00

Undertegnede stiller med to trofaste wingmenn

og musikere ved navn Sivert Holmen og Andreas Bratlie

Med håpefull hilsen

Ådne Geicke Kolbjørnshus

 

Bill.merk.: Heil ved er ei danseforestilling med en monolog som handler om dating, kjærlighet, ved, erkjennelse og selvrespekt. Gjennom dans, akrobatikk, arbeid med ved, humor og musikk deler hovedpersonen sin selvransakende reise mot det store målet; å få seg kjæreste. Og det aller helst gjennom å bli og være heil ved: en som for det meste står trygt i seg selv, stiller opp for andre og evner å få livet sitt på stell.

 

På scenen, med formidling og fjas:

Ådne Geicke Kolbjørnshus

Sivert Holmen - hardingfeler og vokal

Andreas Bratlie - tangenter, perkusjon og vokal

 

 

Medvirkende:

Manus, idé og konsept: Ådne Geicke Kolbjørnshus

Koreografi: Døgeniktene

Regi: Morten Kjerstad

Dramaturg: Vetle Springgard

Komponist: Sivert Andreas Holmen

Komponist: Andreas Bratlie

Lysdesign: Daniel Kolstad Gimle

Lyddesign: Fridtjof Lindeman

Scenografisk rådgiver: Monica Valsø

Foto: Jørn Nyseth Ranum

Produsent og turnéleder: Rannveig Øygardslia.

 

Forestillinga er laga i samarbeid med Riksscenen og Sprang, med støtte fra Kulturdirektoratet, Fond for utøvende kunstnere, Fritt Ord og Senter for folkemusikk og folkedans. Ekstra takk til Folkeakademiet i Vestre Slidre og Vestre Slidre Historielag, og til Norwegian Agro Røn for motorsag-bensin og kjedeolje.

 

Ordinær: 350 kr

Single vedprodusenter: 330 kr

Ung INN: 100 kr

Ungdom 13 - 17 år: 150 kr

Gratis for alle under 13 år

 

Arrangør: Hilme året rundt

Velkommen!

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Torsdag 18. april kl. 19.00
Slutt: Torsdag 18. april kl. 20.15
Stad: Fagernes kulturhus
Pris: 350 kr / 150 kr / 100 kr

Internasjonal kvinnefest. Konsert med Djønne & Børsheim


KONSERT: 8. mars markerer vi den internasjonale kvinnedagen med fest i Festsalen på Valdres Folkemuseum!

Det blir konsert med duoen Djønne & Børsheim, appell ved Ellen Persvold, intervju med Salima og Berguy frå Internasjonalt kvinneforum, og servering av mat frå mange land! 

Konsert med Djønne & Børsheim:

"Det er litt av ei slumpelukke – to musikalske damer, den ene fra Ulvik og de andre frå Djønno, og så passer stemmene deira så fantastisk godt saman!" - salt-peauts.eu, 2023

Djønne&Børsheim har spelt og komponert musikk saman i 15 år og har turnert ulike stader i Noreg og Europa. I 2012 gav dei ut plata «Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger» som fekk gode meldingar og mottaking. Repertoaret deira er i hovudsak eigen musikk og tekst med inspirasjon frå folkemusikk og Hardanger, ispedd viser og pop.

Annlaug Børsheim er født og oppvaksen i Ulvik i Hardanger, no busett i Bergen. Ho er utdanna folkemusikar ved Høgskulen i Telemark og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Den allsidige folkemusikaren skriv både eigen musikk og tekst og gav i 2010 ut sitt fyrste album som soloartist, «November», på sitt eige plateselskap, Fivreld. I 2022 var ho aktuell med plata “Alle har en liten dør bak øret”, der ho har spela inn songane og all musikken til teaterserien med same namn. Annlaug speler i Frode Grytten Beat Band og samarbeider tett med skodespelar og regissør Vibeke Flesland Havre i ulike produksjonar. Ho har tonesatt tekstar av ei rekke forfattarar som Ruth Lillegraven, Hilde Myklebust, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad og jobbar innanfor eit vidt spekter av sceniske uttrykk. Annlaug hadde i 2016 statens kunstnarstipend i kategorien populærkomponist. 

Rannveig Djønne er født og oppvaksen på Djønno i Hardanger, der ho no også bur. Rannveig vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Ho nyttar toradaren sin i spekteret frå kyrkjemusikk til å gjesta i progrockband. Folkemusikkutdanninga har ho frå Ole Bull Akademiet på Voss. Debututgjevinga, «Spelferd heim» (2008) hausta strålande meldingar. I 2011 komponerte ho m.a. ei folkemusikkmesse for Hardanger på oppdrag frå Ullensvang kyrkje. Denne messa er mykje nytta også i dag. I 2011 fekk Rannveig Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend innan kategorien Lyd, der hennar evne som komponist vart særleg framheva i grunngjevinga. I 2014 skreiv ho musikken til framsyninga «Soga om Seselja» basert på Ruth Lillegraven si kritikarroste diktsamling «Urd».

Annlaug Børsheim: Hardingfele, Hardanger d’amore, gitar og song Rannveig Djønne: Toradar og song

  • Ordinær: 230 kr, medlem i internasjonalt kvinneforum: 100 kr, 13-21 år: 50 kr
  • Gratis for dei under 13 år
  • Konserten er støtta av Norsk Kulturfond 
  • Arr: Hilme året rundt i samarbeid med Internasjonalt kvinneforum

Velkomne!

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Fredag 8. mars kl. 18.00
Slutt: Fredag 8. mars kl. 21.30
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Pris: Ordinær: 230 kr, medlem i internasjonalt kvinneforum: 100 kr, 13-21 år: 50 kr

Odde & Holmen


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Fredag 29. september kl. 19.00
Slutt: Laurdag 30. september kl. 00.30
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Pris: 200

Beitohaugen Granli / Karlberg / Groven Myhren


Hilme året rundt
Start: Laurdag 17. juni kl. 18.30
Slutt: Laurdag 17. juni kl. 20.30
Stad: Rognebygningen/Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: Gratis

Vokaltrioen Treak


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Onsdag 8. mars kl. 18.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Pris: 200/100/50

Selma French Bolstad og Anna Ueland


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Torsdag 16. februar kl. 19.00
Slutt: Torsdag 16. februar kl. 20.30
Stad: Strandefjorden, Fagernes
Pris: Vaksne: 200 kr UngINN: 50 kr

Lars-Ingar Meyer Fjeld


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Sundag 15. januar kl. 18.00
Stad: Fagernes kulturpub
Pris: 200 kr

Draumkvedet


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Onsdag 4. januar kl. 18.00
Stad: Volbu kyrkje, Volbu
Pris: 200 kr

Novgorod, rakfisk og dans


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Laurdag 5. november kl. 19.00
Slutt: Sundag 6. november kl. 01.30
Stad: Herangtunet, Heggenes
Pris: 200 kr

Eriksson/Myhr/Malmström


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Torsdag 29. september kl. 19.00
Slutt: Torsdag 29. september kl. 22.00
Stad: Gapahuken ungdomshus, Øystre Slidre
Pris: 200 kr

Stillelått


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Fredag 17. juni kl. 18.00
Stad: Vang kyrkje, Vang i Valdres
Pris: 200 kr

Vor Suplicas


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Måndag 23. mai kl. 19.00
Stad: Hegge stavkyrkje, Øystre Slidre
Pris: 200 kr

Langeleik


Hilme året rundt
Start: Torsdag 5. mai kl. 18.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: Gratis!

Tufskrøkjun


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Laurdag 9. april kl. 19.00
Stad: Solhaug, Øystre Slidre
Pris: 200 kr

Ingar Ranheim


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Torsdag 24. mars kl. 18.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 150 kr

Gjendine og Jørgine


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Tysdag 8. mars kl. 19.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 200 kr

Stian Roland og Tom Kjetil Tørstad


KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Torsdag 10. februar kl. 18.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 150 kr